Hans Larsson Fugleberg () var ein skipper frå Ølve i Hordaland, busett i Ålesund.

Hans Fugleberg dreiv med sjøfart frå unge år. Avismeldingar syner at han i 1838 var førar av jakta Anna Elisabet som frakta ulikt gods langs norskekysten, i det minste frå Christiania til Bodø. Ved folketeljinga 1865 budde han med familien i Kipervika i Ålesund.

Skipsførar Fugleberg var gift 1834 med Anna Knutsdotter Ulvanes (1811-1893) frå heimbygda Ølve. Minst tre born voks opp i heimen deira. Sønene Hans og Knut var busett i Ålesund.

Kjelder Romsdals Amtstidende 30. juni 1838 Romsdals Amtstidende 20. oktober 1838 Romsdals Amtstidende 11. desember 1838 Folketeljinga 1865

Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Folk frå Kvinnherad Kategori:Folk frå Ålesund