mini|Frå innsida av tolvfingertarmen til ein frisk vaksen mann.
Tarm (norrønt þarmr) er lange, smale, gjerne buktande innvolar som dannar tarmkanalen i meltingssystemet. Tarmane fullfører meltingsprosessen ved å ta opp næringsstoff og skilja ut avføring. Tarmar blir også brukte til ulike føremål, som tillaging av mat og utstyr.
Tarmkanalen har tre hovuddelar, tynntarmen, tjukktarmen (kolon) og endetarmen (rektum). Tynntarmen er delt i tre, tolvfingertarmen (duodenum), jejunum og ileum. Pattedyr, fuglar og nokre reptil har òg minst ein blindtarm. Tarmbakteriar er svært viktige i denne prosessen. Tarmveggane driv føda framover ved å trekka seg saman. Det tek mellom ein og fem dagar for maten å passera gjennom tarmsystemet til menneske.
Bruk av tarmar Mat mini|Tom tarm til pølsemaking i Ungarn. mini|Frityrsteikte grisetarmar i Kina. Ein kan eta dyretarmar, og brukte dei tidlegare til ilåt når ein laga pølser. I industriell pølsemaking bruker ein ikkje dette naturlege pølseskinnet, men det kan bli gjort om ein bruker tradisjonelle metodar.
Teknologi I golvklokker er tarmar blitt brukte som strengar til å henga lodda i.
Musikk Vibrerande tarmar har tradisjonelt vore brukte i musikkinstrument, særleg som strengar i strengeinstrument, men også i trommer. Botnen av nokre typar litletromme kan slå mot eit nett av tarmar for å få fram ein særeigen klang, medan nokre utstrekte tarmstrengar under trommeskinnet på den nordafrikanske bendiren skapar ein summande lyd.
Medan ein i dag som regel bruker strengar av nylon, stål eller silke, bruker nokre av dei som speler tidlegmusikk framleis tarmstrengar for å få lyden meir autentisk. Det er særleg tarmar frå lam som har vore brukte til dette.
Idrett Sauetarmar har òg vore brukte til å laga nettet i tennisracketar med.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gastrointestinal tract» frå , den 3. desember 2006 (versjon 91649335). Denne artikkelen bygger på «Tarm» frå , den 3. desember 2006 (versjon 2753351.)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kjøt Kategori:Materiale Kategori:Dyreprodukt Kategori:Ord frå norrønt