mini|Brannbamsen Bjørnis, norske brannvesen sin maskot Brannbamsen Bjørnis er ein maskot som vart utvikla for å kommunisere med barn og vaksne om brannvern. Bjørnis blir også brukt som trøystebamse av brannvesenet. Varemerket Brannbamsen Bjørnis er eigd av Stiftinga Brannbamsen Bjørnis.
Historikk Trøystebamse-prosjektet vart etablert i 2012 i Trøndelag brann- og redningsteneste, som eit hjelpemiddel for små barn som hadde opplevd brannar og andre ulykker.
Seinare vart konseptet utvida med m.a. førebyggjande undervisningsmateriell for barnehagar. Fleire brannvesen melde si interesse for å vera med i prosjektet. Over 150 brannvesen spreidd over heile landet bruker i dag Bjørnis i det brannførebyggjande arbeidet sitt. Mellom anna er det innført ei nasjonal brannvernveke der Bjørnis-materiell blir brukt, og mange brannstasjonar arrangerer open dag der barn kan sjå på brannbilar, prøve brannslokkingsutstyr og møte Bjørnis.
I november 2016 vart det vedteke at Brannbamsen Bjørnis skal vera nasjonal hovudsatsing i brannførebyggjande arbeid retta mot barnehagar og yngre barn. Sidan har Bjørnis vorte kjent for norske barn gjennom barnebøker gitt ut i samarbeid med Aschehoug, musikk, musikkvideoar, ein barne-TV-serie på NRK Super og opptredenar over heile landet.
Ein studie gjennomført av Fire Research and Innovation Centre (FRIC) i 2023, konkluderte med at Bjørnis har ført til ei tydeleg og dokumenterbar forbetring av branntryggleiken i norske heimar.
Brannbamsen Bjørnis fekk Samfunnssikkerhetsprisen 2024 under Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sin årlege samfunnstryggleikskonferanse 10. februar 2025.
Organisasjon Stiftinga Brannbamsen Bjørnis vart oppretta som ei eiga stifting i februar 2021. Den ideelle organisasjonen har kontor på hovudbrannstasjonen i Trondheim.
Bibliografi
På jobb med Bjørnis – barnebok, Aschehoug 2019 Besøk på brannstasjonen – barnebok, Aschehoug 2019 Brann i blokk B – barnebok, Aschehoug 2019 Bjørnis kjører brannbil – barnebok, Aschehoug 2021 Syng med Bjørnis – barnebok, Aschehoug 2021 Den kjempestore Bjørnisboka – barnebok, Aschehoug 2022 Håndbok for små brannkonstabler – barnebok, Aschehoug 2023 Hvor er Bjørnis? – barnebok, Aschehoug 2022 Bjørnis gleder seg til jul – barnebok, Aschehoug 2023 Tell med Bjørnis – barnebok, Aschehoug 2024 Tøffe brannbiler – barnebok, Aschehoug 2024 God natt, Bjørnis – barnebok, Aschehoug 2024
Diskografi
Brannbamsen Bjørnis (2016) Brannbamsedans (2018) Bjørnis godnattsang (2020) Brannalarm (2020) Superhelten Bjørnis (2022) Ringeling Ringelang (2023)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brannbamsen Bjørnis» frå , den 6. mars 2025.
Kategori:Skipingar i 2013 Kategori:Maskotar Kategori:Brannvern Kategori:Stiftingar