Paul Johan Muus Wiig () var ein norsk byråkrat og stortingsmann frå Stjørdal i Nord-Trøndelag.
Far til Wiig var klokkar i Værnes kyrkje. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1816. Frå 1827 var han underrettsprokurator i Skogn, deretter fut i Fosen frå 1835 og Inderøy frå 1839 til han døydde.
Wiig representerte Nordre Trondhjems amt i Stortinget 1833, sekretær i Odelstinget og Justiskomiteen. I 1836 og på omframtstortinget 1836-37 representerte han Søndre Trondhjems amt. I begge desse tingsamlingane var han sekretær i Lagtinget. På sjølve 1836-tinget var han også medlem i Tollkomiteen og i riksretten.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Folk frå Stjørdal