Peter Johnsen, eigenleg Petter Olaus Jonsson, () var ein los og leiglendings-bonde frå matrikkelgarden Steinvåg i Borgund, seinare Ålesund.
Petter fekk leigt eit jordstykke på Kvennaneset under Steinvåg. Her busette han seg, gift 1823 med Lovise Walter frå Molde. Fram til 1847 vart dei foreldre til ni born, truleg nådde åtte av dei voksen alder. Petter var los i lang tid, visseleg frå før 1830 til kringom 1860. Han var frå 1838 representant i det fyrste kommunale styret for kjøpstaden Ålesund.Landboe-Avisen av 24. mars 1838 Etter han vart enkemann, gifta han i 1863 seg med Maren Olsdotter Reiten frå Grytten prestegjeld. Synneve Arnesdotter Årsnes (1842-1923) frå Hjørundfjord tente Peter Johnsen i over 30 år.
Kjelder Odd Thorson: Ålesund 1848-1948. Økonomisk og sosial historie. Bind I. 1848-1904, s. 53. Folketeljing 1865 Folketeljing 1891 Ministerialbok Ålesund 1894-1903
Kategori:Norske losar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Ålesund