mini|Tradisjonell hjell i Lofoten 2004. Ein hjell (norrønt hjallr), fiskehjell eller fiskehesje er eit røysverk, vanlegvis av tre, for utandørs tørking av fisk til tørrfisk. Hjell blir i dag brukt til tørking av torsk og sei i store kvanta. Andre typar ein har brukt å tørka er hyse, lange og brosme.«Fiskehjell» i Store norske leksikon, henta 22. juni 2020
mini|venstre|To seihesjer
Det var tidlegare berre mogleg å henge opp fisken i vinterhalvåret, fordi det gjekk mark i han om sommaren. Det gode seifisket om sommaren var lenge vanskeleg å utnytte til det fulle, fordi det ikkje fanst effektive måtar å konservere seien på. Dette endra seg likevel i 1912, då den trekanta seihesja vart funnen opp av Jens Eriksen frå Bø i Vesterålen. Seihesja gjorde det mogleg å tørke sei også om sommaren. Konstruksjonen sørgde for at dei to halvdelane av tørrfisken vart haldne frå kvarandre, slik at marken ikkje fekk gode vekstvilkår. Hesjer blir også brukte til å tørke torsk om vinteren.
Sjå og tørrfisk
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Hjell» frå , den 27. november 2006.
Kategori:Fiske Kategori:Fiskeindustri Kategori:Fiskeri Kategori:Ord frå norrønt Kategori:Norsk kystkultur