Phish er eit amerikansk rockeband skipa i 1983. Gruppa blei skipa i Vermont av gitaristen Trey Anastasio. Andre medlemmar er Jon Fishman, Page Mconnell og Mike Gordon. Phish er generelt sett sett den største av dei amerikanske «jambanda» (det vil seia rockeband som improviserer mykje live), ein term som opphavleg blei oppretta av Grateful Dead og The Allman Brothers Band på slutten av 1960-talet. Phish har, som The Grateful Dead, ein enorm fanmasse kjend som «Phish-heads» som følgjer bandet på konsertane deira over heile verda. Phish er kjent for å arrangera enorme festivalar der Phish spelar i 2 eller fleire dagar, ofte med sett som er 5 timar eller lengre. På nyttårsaften 1999/2000 spelte Phish i naturreservatet Big Cypress i USA for 75 000 fans. Det siste settet av konserten varte frå 21 om kvelden til 8 neste morgon. Ein annan av desse gigantiske hendingane er dokumentert på DVD-en IT, som er ein konsert frå Limestone i Maine i USA i 2003. I 2009 blei det halde eit arrangement kalla Festival 8 i California. Etter at bandet blei oppløyst i 2004, kunngjorde Phish i slutten av 2008 at bandet var gjenforeint og skulle turnera i 2009.

Medlemmar mini|Trey-Anastasio i 2009.

Noverande medlemmar

Trey Anastasio - gitar, song (1983-) Jon Fishman - trommer, perkusjon, song (1983-) Mike Gordon - bassgitar, song (1983-) Page McConnell - keyboard, song (1985-)

Tidlegare medlemmar

Jeff Holdsworth - gitar, song (1983-1986, 2003)

Turnerande musikarar

Marc Daubert - perkusjon (1984-1985) Carl Gerhard - trompet (1991, 1994) Don Glasgo - trombone (1994) Dave Grippo - altsaksofon (1991, 1994) Mike Hewitt - baritonsaksfon (1994) Jeff Mosier - banjo (1994) Karl Perazzo - perkusjon (1996) Chris Peterman - tenorsaksofon (1994) Michael Ray - trompet (1994) Russell Remington - tenorsaksfon (1991) Joey Somerville Jr. - trompet (1994)

Diskografi mini|Page McConnell i 2009.

Studioalbum

1988 – Junta 1990 – Lawn Boy 1992 – A Picture of Nectar 1993 – Rift 1994 – Hoist 1996 – Billy Breathes 1998 – The Story of the Ghost 2000 – Farmhouse 2000 – The Siket Disc 2002 – Round Room 2004 – Undermind 2009 – Joy 2014 – Fuego 2016 – Big Boat 2020 – Sigma Oasis 2024 – Evolve

Livealbum

1995 – A Live One 1997 – Slip Stitch and Pass 1999 – Hampton Comes Alive 2001 – Live Phish Volume 1 2001 – Live Phish Volume 2 2001 – Live Phish Volume 3 2001 – Live Phish Volume 4 2001 – Live Phish Volume 5 2001 – Live Phish Volume 6 2002 – Live Phish Volume 7 2002 – Live Phish Volume 8 2002 – Live Phish Volume 9 2002 – Live Phish Volume 10 2002 – Live Phish Volume 11 2002 – Live Phish Volume 12 2002 – Live Phish Volume 13 2002 – Live Phish Volume 14 2002 – Live Phish Volume 15 2002 – Live Phish Volume 16 2003 – Live Phish Volume 17 2003 – Live Phish Volume 18 2003 – Live Phish Volume 19 2003 – Live Phish Volume 20 2005 – New Year's Eve 1995 2006 – Phish: Live in Brooklyn 2006 – Colorado '88 2007 – Vegas 96 2007 – IT 2003 2011 – Live Phish: 6/27/10 Merriweather Post Pavillion 2011 – Live Phish: 08.07.2010 The Greek Theatre, Berkeley, CA 2011 – Live Phish: 08.13.2010 Verizon Wireless Music Center, Noblesville, IN 2011 – Live Phish: 10/30/10, Boardwalk Hall, Atlantic City, NJ 2014 – Live Phish - July 13, 2014 - Randall's Island - New York, NY 2014 – Live Phish - July 26, 2014 - Merriweather Post Pavilion - Columbia, MD 2014 – Live Phish - July 27, 2014 - Merriweather Post Pavilion - Columbia, MD

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Phish» frå , den 27. desember 2024.

Bakgrunnsstoff

Phish på Allmusic.com

Kategori:USA-amerikanske rockegrupper