Den fyrste verdskrigen var ein global konflikt med sentrum i Europa, utløyst av skota i Sarajevo, som varte frå 1914 til 1918. Over 70 millionar soldatar vart mobiliserte og over 9 millionar stridande og over 7 millionar sivile vart drepne i løpet av krigen.Tapstal for fyrste verdskrigen er omtrentlege. Encyclopædia Britannica anslår drepne soldatar til rundt 8,5 millionar og sivile til rundt 13 millionar, særleg sistnemnde er det sprikande tal for. Sjå EB 2010, bind 29, s. 987 Antoine Prost oppgjev ein matrise over ulike kjelder, der fem av åtte oppgjev over ni millionar døde soldatar, sjå Prost, s. 587–588, The Cambridge History of The First World War, bind III Krigen omfatta stormaktene på denne tida: Ententemaktene (opphavleg Frankrike, Russland og Storbritannia, USA frå 1917) og sentralmaktene (Tyskland, Austerrike-Ungarn, kort etter krigsutbrotet det osmanske rike). Begge alliansegrupper freista å mobilisere heile økonomien i ein total krig; særleg bidrog kvinner til mye av arbeidet. Sentrale årsaker til krigen var dei europeiske stormaktene sin imperialisme og militarisme, drivne fram av rasisme og nasjonalisme, i land prega av klassemotsetningar og diskriminerande kjønnsroller.Dei underliggjande årsakene til kvifor fyrste verdskrigen braut ut er svært omdiskutert. Litteraturen er omfattande, over 25 tusen bøker og artiklar er skrivne om emnet. Dei fleste synspunkta på korleis krigen oppstod kan underbyggast med eit utval av tilgjengelege kjelder. Sjå Clark 2012, s. xxiv-xxv
Den 28. juli 1914 erklærte Austerrike-Ungarn krig mot Serbia. Tyskland angreip Belgia og Frankrike i vest, og Russland angrep Tyskland i aust. Etter nokre månader låste kampane på vestfronten seg, og fram til våren 1918 vart frontlinjene ubetydeleg endra. På austfronten var frontlinjene meir dynamiske, og krigen enda med at sentralmaktene sigra etter dei russiske revolusjonane i 1917. Kampane i Afrika braut ut i august 1914, då konflikten vart spreidd frå dei imperialistiske statane i Europa til koloniane. Frå 1915 sette Det osmanske riket i verk folkemordet på armenarane. Etter at Russland kapitulerte i 1918 konsentrerte Tyskland styrkane sine på vestfronten, men den tyske våroffensiven stoppa etterkvart opp. Hundredagarsoffensiven til Ententemaktene pressa den tyske hæren tilbake, og landet måtte underteikne våpenkvile den 11. november 1918.
Ved avslutninga av krigen vart grensene til mange land teikna om, og fleire nasjonar fekk tilbake sjølvstende eller vart oppretta. Det osmanske riket vart oppløyst. Austerrike-Ungarn vart erstatta av ei mengde mindre sentraleuropeiske statar. Tyskland vart omforma frå keisardøme til republikk. Under fredskonferansen i Paris i 1919 vart dei fire stormaktene (Storbritannia, Frankrike, Italia og USA) samde om vilkår for dei tapande nasjonane i ei rekke avtalar (mellom anna Versaillestraktaten), og Folkeforbundet vart oppretta. Byrjinga til avkolonisering vert kopla av historikarar til fyrste verdskrigen og etterverknadane av han. Første verdskrigen avslutta det hundreårlange hegemoniet til Europa over resten av verda. Ei rekke faktorar knytte til følgjene av fyrste verdskrigen, som revolusjonar, store økonomiske svingingar (den store depresjonen), og ei tysk kjensle av å ha vorte audmjuka (egga av nasjonalistisk propaganda, som i dolkestøytsoga), bidrog til utbrotet av den andre verdskrigen.
Alliansar mini|Dei europeiske landa i 1914. Land i trippelententen er markert med grønt, dei i trippelalliansen med raudt. Nøytrale land er markert med gult. Ententemaktene Slutta seg til ententemaktene Sentralmaktene Slutta seg til sentralmaktene Storbritannia (med det britiske imperiet), Canada, Australia, New Zealand Frankrike Russland Belgia Japan USA frå 1918 Portugal Italia frå 1915 Romania Hellas Montenegro Serbia Sambandsstatane frå 1917 Tyskland Austerrike-Ungarn Bulgaria Det osmanske riket (Tyrkia)
Bakgrunn Wienkongressen i 1815, etter Napoleonskrigane, teikna kraftig om på kartet over Europa. Målet var å skapa ein ny situasjon utan større konfliktar. Situasjonen endra seg etter kvart, i og med at nasjonalismen som tanke voks fram. Mindre statar med sams kultur byrja arbeid for å slå seg saman, og større rike risikerte å bryta saman etter som ulike folkegrupper ynskte sjølvstende. Samlinga av Italia og Tyskland er døme på den fyrste tendensen. I løpet av Otto von Bismarck si karriere oppstod eit system av alliansar mellom ulike land, for å skapa ei maktbalanse. I byrjinga av 1900-talet kom det fram ei rad spenningar mellom to store blokker av allierte som dreiv med militær opprusting. Frankrike ynskte oppreising etter nederlaget i den fransk-tyske krigen 1870-71, Storbritannia og Tyskland konkurrerte i kolonispørsmål og om marinestyrke, medan Russland og Austerrike-Ungarn hadde ulike meiningar om korleis Balkan og Austeuropa skulle delast opp mellom dei.
Namn
Sjølv om krigen 1914–1918 blir omtalt som «den fyrste verdskrigen», var det fleire verdsomspennande krigar mellom europeiske makter før den tida; den fyrste var sjuårskrigen (1756–1763).Howard 2002, s. 1 Fram til andre verdskrigen braut ut, vart fyrste verdskrigen vanlegvis berre omtalt som «verdskrigen» eller 'den store krigen' (engelsk the Great War, fransk la Grande Guerre, tysk der große Krieg).
Stormakter i verda 1871-1914 miniatyr|alt=Fotografi av oljemaleri, som viser en skoleklasse i Frankrike, hvor tapet av Alsace-Lorraine er angitt i sort på et kart|Måleriet «Den svarte flekken» (fransk La Tache Noire). Kongeriket Preussen hadde vunne den fransk-tyske krigen, og Alsace-Lorraine vart annektert, men skulebarn i Frankrike skulle ikkje gløyma tapet.
Etter Napoleonskrigane (1803–1815) var Tyskland delt opp i mange statar; dei fleste var små, laust sammenknytte i det tyske forbundet. I 1860-åra var Preussen, under leiing av rikskanslaren Otto von Bismarck, den drivande krafta i arbeidet for ei tysk samling, mot rivalen Keisarriket Austerrike. Preussen overvann Danmark i den andre slesvigske krigen i 1864 og Austerrike i den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866–1867 i konfliktar om landområde. Eit tilnærma samla Tyskland overvann Frankrike i den fransk-tyske krigen i 1870. Alsace-Lorraine vart etablert som ein prøyssisk provins (Reichsland Elsaß-Lothringen). Samlinga av Tyskland vart proklamert den 18. januar 1871 i Spegelsalen i Versailles.Tysklands historie - Store norske leksikon Dette skapte bitterheit og revansjisme – hemnlyst og krav om å få tilbake dei avståtte områda – i Frankrike.Evans 2016, s. 265 Med sigeren vart òg Tyskland den kontinentale stormakta i Europa.Side 181, Paul W. Schroeder: «International Politics, Peace, and War 1815 – 1914», i The Nineteenth Century Europe 1789-1914 av T.C.W. Blanning (red.) i serien The Short Oxford History of Europe, Oxford University Press, Oxford, 2000 Tyskland vart både frykta og ein del av stormaktsspelet.Schroeder, s. 183–184
Dei neste 19 åra, til 1890, vart dominerte av det diplomatiske systemet til Bismarck, der han fokuserte på å halde fred i Europa ved å halde Frankrike isolert politisk, og at Tyskland var på parti med minst to av dei andre europeiske stormaktene.Hobson 2015, s. 320 Eitt av trekka var å opprette trekeisarforbundet med Austerrike-Ungarn og Russland i 1873. I 1890 avsette keisar Vilhelm II av Tyskland Bismarck.A.J.P. Taylor: The Course of German History, Routledge, 2001 (1.utg. 1945), s. 159–60 Under Wilhelm II nedprioriterte rikskanslarane diplomatiske avtalar med Russland, som då gjekk inn i forhandlingar med Frankrike og i 1894 inngjekk ein allianse. Dette var eit problem både for Tyskland, som vart inneklemt, og Storbritannia, som var imperialistisk rival til Frankrike i Afrika og til Russland i Asia,Side 188, Schroeder i åra 1895–1905 var særleg Storbritannia isolert i Europa. Ein allianse mellom to av Storbritannia sine rivalar ville tidlegare ført til ein britisk-tysk allianse. At så ikkje skjedde var dels grunna britisk tilbakehald, dels amatørmessig tysk diplomati, men særleg den tyske flåteopprustinga.Howard 2002, s. 11-12
Ved hundreårsskiftet hadde Tyskland hjelpt Frankrike og Russland i Kina, medan britane hadde hindra dei. Forsøk på allianse, eller i det minste ein avtale, mellom Storbritannia og Tyskland mislykkast.James Joll: The origins of the First World War, Longman, London, 1984 (2. utg. 1992), s. 51–52Robert K. Massie: Dreadnought, Pimlico, London, 2004 (første utg. 1991), s. 304–305 Først i 1904 kom ei avgjerd, då Storbritannia og Frankrike signerte Entente cordiale (ein avtale, opphavleg berre knytt til grenser for koloniane deira).Hobson 2015, s. 317, 321 Tyskland tvilte på styrken til denne avtalen, og året etter reiste keisar Wilhelm II til Marokko for å støtte landet sitt sjølvstende. Marokko var kontrollert av Frankrike, og Vilhelm si vitjing vart oppfatta av Frankrike som ein provokasjon. Dette vart kjent som den fyrste Marokkokrisa, og enda i diplomatisk nederlag for Tyskland, medan ententen kom styrka ut.Strachan 2001, s. 15–16Hobson 2015, s. 321 Også andre tyske framstøyt enda med å styrke ententen. I 1911 blussa det opp ein konfrontasjon i Marokko, Agadirkrisen, og igjen kom Tyskland tapande ut.Strachan 2013, s. 39–40
Gjennom store delar av 1800-talet hadde Russland og Storbritannia vore rivalar i det store spelet (rivaliseringa mellom Russland og Storbritannia over Afghanistan og tilstøytande område).Howard 2002, s. 4 Rivaliseringa vart avslutta ved at Russland vart ein del av ententen, no kjend som trippelententen.Ferguson 1998, s. 53, 60 Av dei fem stormaktene var tre på same side, og Tyskland og Austerrike-Ungarn var i mindretal. Både før og etter Balkankrigane (1912–1913) var det osmanske riket ute etter ein sterk alliert. Tyskland hadde investert i jernbanen Berlin-Bagdad, og bistod med militær opplæring og rådgiving.Ferguson 1998, s. 143, 147-148Strachan 2001, 663-666 Det osmanske riket hadde hatt ei rekke krigar mot Russland, og sidan Russland var alliert med Frankrike og Storbritannia, var det antirussiske alternativet gunstigast.Side 544-545, R.R. Palmer, Joel Colton: A History of the Modern World, McGraw-Hill (8. utgave), New York, c1995Stevenson 2012, s. 109 Det var likevel ingen formell allianse med Tyskland – både Storbritannia og Frankrike hadde òg militære rådgivarar i landet.
Rasisme, imperialisme og rustningskappløpet
Bakgrunnen for fyrste verdskrigen var ein i hovudsak europeisk nasjonalisme, fundert på rasisme, som for dei større nasjonane (særleg Storbritannia, Frankrike og Tyskland) førte til etablering av koloniar, eller rivalisering om dei.Evans 2015, s. 11 Frå 1880-åra var det ei ny bølgje av kolonisering, kjend som ny-imperialisme eller høgimperialisme.Hobson 2015, s. 258–259, 312–315, 323, 461 Ifølgje historikaren John Morrow jr. kan fyrste verdskrigen ikkje forståast utan å sjå han i samanheng med den samtidige imperialismen.Morrow jr., s. 411–412, The Cambridge History of The First World War, bind I Offisielt vart ekspansjonen forklart med behov for råmateriale og marknader, geopolitisk vinning ved kontroll av strategiske område, auka nasjonal prestisje og for å sikre busetjing for den overflødige befolkninga i heimlandet. Ny-imperialismen spira frå og forsterka den utbreidde rasistiske nasjonalismen i Europa mot slutten av 1800-talet, basert på sosialdarwinisme.Morrow jr., s. 405–406, The Cambridge History of The First World War, bind I«Imperialism», fra International Encyclopedia of the First World WarHobson 2015, s. 259–260, 315–316, 461Overy 2021, s. 4–5 Den rådande forståinga av sosialdarwinisme i samtida - at statane var dømde til å kjempe mot kvarandre - spelte òg ei stor rolle for synet ein hadde på krig.Evans 2016, s. 684-685Strachan 2001, s. 9, 54-55, 68-69, 133-134, 136, 138-139, 149, 413, 1007Howard 2002, s. 27