«Dizzy» (norsk omsetjing ‘svimmel’) er ein song av den engelske vokalisten og låtskrivaren , som han skreiv saman med Daniel Harle. Songen blei gjeven ut som singel 1. mars 2024. Songen var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 etter å ha blitt internt vald av BBC.
Om songen I eit intervju med BBC fortalde Alexander at «Dizzy» blei skriven om sumaren 2023 og at teksten handlar om «å føle ei så intens kjensle for nokon at dei heilt snur verda opp ned og inn og ut».
Alexander har skildra songen som «elektronisk» og «noko du kan danse til». Musikalsk er songen inspirert av 1980-talsmusikk og artistar som Erasure, og .
Eurovision Song Contest Den 16. desember 2023, under finalen av , kunngjorde Alexander at han skulle representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2024. Den 1. mars blei låten «Dizzy» gjeven ut og ein tilhøyrande musikkvideo lansert under spesialepisoden Graham Meets Olly, sendt på BBC One.
«Dizzy» var bidraget til Storbritannia i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Som eit av «dei fem store» landa i Eurovision Song Contest, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai 2024. I avrøystinga fekk låten 46 poeng og enda på 18. plass; samtlege av poenga kom frå jurygruppene.
Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Hellas International (IFPI) 59 Litauen (AGATA) 12 Litauen Airplay (TopHit) 47 Sør-Korea (Circle) 98 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dizzy (Olly Alexander-sang)» frå , den 3. november 2024.
Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar