3. divisjon Møre 1966, ei av Norges Fotballforbund sine mange serieavdelingar, tok til sundag 8. mai og vart avslutta med full runde sundag 2. oktober. Avdelinga bestod av 8 lag: 4 frå Sunnmøre, 2 frå Romsdal og 2 frå Kristiansund. Vinnaren av avdelinga møtte vinnaren av Trøndelags-avdelinga til kampar om opprykk til 2. divisjon, medan dei to laga med færrast poeng rykte ned til 4. divisjon.
Poengtabell Plass Lag Kampar Målskår Poeng 1 Herd 14 38–11 23 2 Molde 14 35–18 19 3 Aalesund 14 29–23 18 4 Velledalen og Ringen 14 24–30 14 5 Langevåg 14 34–27 13 6 Clausenengen 14 26–32 11 7 Braatt 14 13–32 7 8 Åndalsnes 14 17–43 7
Sportsklubben Herd frå Ålesund tapte for andre året i rad kampen om opprykk til 2. divisjon. Heime på Aksla stadion enda oppgjeret mot Fotballklubben Kvik 2-2, i Trondheim sigra Kvik med 3-1.
Kjelder Tidens Krav 3. oktober 1966
Kategori:Fotball i 1966 Kategori:Idrett i Møre og Romsdal