David Batty () er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Leeds, ligameister 1992 med Leeds United. Over ein åtteårs-periode medverka han i 42 av landskampane til England. Han var defensiv midtbanespelar, iherdig utøvar og flink taklar.

Karriere Klubbspel Batty gjorde teneste i Leeds United 1987-93 og 1998-2004. Ligasesongen 1991/92 tok han del i 40 kampar då Leeds gjekk heilt til topps i den engelske ligaen. I oktober 1993 vart han overført til Blackburn Rovers. Ein broten fot gjorde at han fekk berre 5 kampar ligasesongen 1994/95, då Blackburn vart ligameister for fyrste gong på 81 år. Frå tidleg vinter 1996 til desember 1998 spelte Batty for Newcastle United. Under FA-cupfinalen 1998 måtte han og lagkameratar som Stuart Pearce og Alan Shearer tole tap mot Arsenal FC.

Landslagsspel Batty fekk sin landslagsdebut som innbytar på heimebane den 21. mai 1991, og spelte sin 42. og siste landskamp i Warszawa 8. september 1999. Under EM i fotball 1992 deltok han i to av Englands tre kampar. 14. oktober 1992 spelte han heile VM-kvalifiseringskampen mot Noreg på Wembley stadion, der Kjetil Rekdal med eit susande langskot syrgde for poengdeling. Batty fekk ikkje plass i EM-troppa 1996, men spelte i fire av Englands kampar under VM i fotball 1998. Han vart verande utan landslags-skåringar.

Merittar Engelsk ligameister: 1992 for Leeds United Finalist i FA-cupen: 1998 for Newcastle United

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «David Batty» frå , den 16. juli 2024.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Leeds-spelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:Blackburn-spelarar Kategori:Folk frå Leeds