National Museum of the American Indian er eit museum ved National Mall i Washington D.C., Manhattan i New York og i Suitland i Maryland. Det er ein del av Smithsonian Institution. Museet er vigd amerikanske urfolk og levemåtane, språka, litteraturen, historia og kunsten deira. Skipinga av museet blei innleia ved eit vedtak i Kongressen i 1989. Museet blei innvigd i september 2004, og samla då kring 20 000 personar frå ulike urfolksgrupper i USA.
Ein betydeleg del av samlingane kjem frå det tidlegare Museum of the American Indian som blei oppretta i New York i 1916. Det bygde på samlingane til George Gustav Heye (1874–1957).
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «National Museum of the American Indian» frå , den 6. juli 2024.
Bakgrunnsstoff
Rundtur med bilete i museet A Visitor's Experience: The National Museum of the American Indianar
Kategori:Byggverk i Washington, D.C. Kategori:Museum i USA Kategori:Skipingar i 2004