Kokain (bensoylmetylekgonin) er eit alkaloid som ofte vert misbrukt som eit narkotikum. Kokain vert utvunne av blad frå kokabusken (Erythroxylon cocae), som veks i Sør-Amerika, særleg i Bolivia, Colombia og Peru. Namnet kokain kjem frå plantenamnet koka pluss alkaloidsuffikset -in, på folkemunn er stoffet kalla «cola», «Charlie», «blow», «snø» eller «pudder».

Kokain stimulerer sentralnervesystemet og minkar kjensla av svolt. Stoffet gjev ei sterk kjensle av lukke og mykje energi.Dietrichs, Erik Sveberg; Mørland, Jørg; Bretteville-Jensen, Anne Line; Bachs, Liliana: kokain i Store medisinske leksikon på snl.no. Henta 2. april 2023. Sjølv om kokain i dag i hovudsak vert misbrukt som rusmiddel, kan det elles i sjeldne tilfelle verta nytta til lokalbedøving ved operasjonar i augo, halsen eller nasa.

Narkotikum Kokain er eit stoff det er sterkt vanedannande, og har ei særs sterk brukarbinding.Recent developments in the abuse of cocaine Stoffet står på den norske narkotikalistaNarkotikaforskriften i Lovdata.no og stoffet er soleis forbode i Noreg. Stoffet står òg på dopinglista til antidoping-byrået WADA og Antidoping Norge.

Kokain kan takast på fleire ulike måtar: med sprøyte, sniffast gjennom nasa, røykjast, takast opp gjennom huda – til dømes i munnen eller ved svelging. Kroppen reagerer med høgare blodtrykk, og omfattande bruk kan føra til hjarteinfarkt.

Historie Dei oppkvikkande og svoltdempande effektane til kokablada har vore kjende i fleire hundre år før forskarane klarte å isolera den aktive substansen i 1859. I rein form er effekten av kokain langt sterkare enn i kokablada. Stoffet vart etter kvart teke i bruk som rusmiddel, og mange store intellektuelle, kunstnarar og musikarar har nytta kokain, mellom anna Sigmund Freud. Fram til 1929 kunne ein finna spor av kokain i Coca-Cola.Coca-Cola i Store norske leksikon på snl.no. Henta 2. april 2023.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cocaine» frå , og «Kokain» frå den 5. oktober 2006.

Bakgrunnsstoff

«Fakta om narkotika» hjå Sosial- og helsedirektoratet

Kategori:Benzoat Kategori:Tropanalkaloid funne i kokabusken Kategori:Alkaloid funne i Erythroxylum Kategori:Appetittdempande middel Kategori:Karboksylatesterar Kategori:Metylesterar Kategori:Serotonin-, noradrenalin- og dopaminreopptakshemmarar Kategori:Hjartestimulerande middel Kategori:Sympatomimetiske amin Kategori:Glysinreseptoragonistar Kategori:Sigmareseptoragonistar Kategori:Euforiserande stoff Kategori:Lokalanestetika Kategori:Øyremiddel Kategori:Stimulantia Kategori:Teratogen Kategori:Vasopressorar Kategori:Sekundærmetabolittar Kategori:Tyske oppfinningar