Himantoglossum robertianum er ei plante i slekta Himantoglossum i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg.
Systematikk Arten gjekk tidlegare under namnet Barlia robertiana.
Utbreiing Arten finst i sørlege Europa og nordlege Afrika.
I Benelux er Himantoglossum robertianum (nederlandsk namn hyacintorchis, fransk namn orchis géant) ein nykomar som vart registrert første gong i Nederland i 2020. I Belgia finst det ein forekomst i Flandern nær den nederlandske grensa. Arten er så langt ikkje raudlistevurdert.
På dei britiske øyane er arten (engelsk namn giant orchid) enno ferskare, første gong sett i 2022. På den britiske raudlista står han på venteliste (WL).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Himantoglossum