Epipactis muelleri er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten lever i lauvskog i det meste av Europa frå Tyskland og sørover, men finst ikkje i Noreg.

Utbreiing I Benelux er arten (nederlandsk namn geelgroene wespenorchis, fransk namn épipactis de Müller) i tilbakegang. I Nederland finst han berre i Limburg, i Belgia har han berre ein veksestad i Flandern og i Vallonia er han svært sjeldan. I den nederlandske raudlista er arten rekna som nær truga (NT, gevoelig), I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).

I Tyskland er arten (tysk namn Müllers Ständelwurz) rekna som nær truga (NT, Vorwarnliste), medan han i Polen (polsk namn kruszczyk Muellera) ikkje er raudlistevurdert på grunn av mangelfulle data (DD).

Hybridar I Nederland er det registrert ein hybrid med skogbreiflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × muelleri eller Epipactis ×reinekei).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Flangreslekta