«Like an Animal» (norsk omsetjing ‘som eit dyr’) er ein song frå 2023 med det italienske rockebandet Piqued Jacks. I februar 2023 vann låten den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2023 og var det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen «Like an Animal» er skriven av bandet sjølv og var blant deltakarane i den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2023, i regi av den sanmarinske ålmennkringkastaren San Marino RTV.
«Like an Animal» vann finalen 26. februar 2023 og blei det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2023. Låten blei sloppen for strøyming på YouTube 22. februar, men blei offisielt gjeven ut som singel 5. april 2023.
San Marino deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Like an Animal» på delt sisteplass med null poeng og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Like an Animal» frå , den 4. desember 2023.
Kategori:Italienske songar Kategori:Sanmarinske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar