ILO-konvensjonen om rettane til urfolk, eller ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i selvstendige stater av 27. juni 1989, òg kalla ILO 169 og Urfolkskonvensjonen, er ein folkerettsleg bindande konvensjon om rettane til urfolk. Føremålet med konvensjonen er å gjeva urfolk retten til å verna identiteten sin som folkegruppe, og at dei skal ha retten til å verna og vidareutvikla livsforma og kulturen deira basert på premiss som urfolkgruppa sjølv fastset, og at styresmaktane pliktar til aktivt å støtta dette arbeidet.

ILO-konvensjonen nr. 169 vart vedteke ved den 76. arbeidskonferansen til ILO i Genève i juni 1989. Konvensjonen byggjer på Konvensjonen om urbefolkninger og andre folkegrupper som lever under stammeforhold av 26. juni 1957. Han er òg ein forlaupar for FN deklarasjonen om rettane til urfolk av 2007.

Innhald Igjennom 44 artiklar skal konvensjonen sikra rettane til urfolk, der urfolk sjølv kan velja å integrera eller halda fram med sin kulturelle og politiske integritet, i tillegg til å verna urfolk mot ufriviljug assimilasjon. Som Menneskerettserklæringa, Den internasjonale konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og FN konvensjonen om sivile og politiske rettar skal ILO 169 hindra diskriminering. ILO 169 anerkjenner trongen til urfolk for å verna og utvikla identitet, språk, kultur og religion.

Konvensjonen tek føre seg mange aspekt ved livet til urfolk, deriblant retten til tospråkleg utdanning, sedvanerett, miljø, landrettar, eigedomsrett, rett til å verta konsultert og taka del i avgjerdsprosessar (medverknad), sjølvidentifikasjon og ivaretaking og utvikling av kulturelle verdiar.

Ei sentral avgjerd i konvensjonen, er retten urfolka har til å kollektivt styra si kulturelle utvikling. Han seier vidare noko om korso høve mellom stat og urfolk bør vera. Retten urfolk har til kontroll over eiga livsform og økonomisk utvikling, landrettar, sysselsetjing, arbeidsliv, opplæring, trygd og helse. Likevel finst det inga generell og internasjonal semje om definisjonen av urfolk. I Noreg har det – både for samane og for styresmaktane – vore vesentleg at samane var i landet før landegrensene vart etablerte. Sametinget har freista å tydeleggjera sjølvråderetten sin ved å få lovfesta konkrete rettar på visse område. I slike prosessar har Sametinget kunne visa til at Noreg har ratifisert konvensjonen, dette har ikkje vore mogeleg i Sverige og Finland. Desse landa har ikkje ratifisert konvensjonen og Sametinga der har ikkje kunne nytta ein slik strategi for å nå fram med krav om blant anna landrettar. Konvensjonen er difor av ein meir moralsk karakter, enn juridisk.

Ratifisering I 2021 hadde til saman 24 land ratifisert konvensjonen. Noreg ratifiserte konvensjonen, som fyrste stat, gjennom st.prp. nr. 102 den 20. juni 1990, og han tredde i kraft den 5. september 1991. For Noreg gjeld konvensjonen for samane. Korkje Sverige, Finland eller Russland har ratifisert konvensjonen. I Sverige vart konsekvensane av ei tilslutting undersøkt igjennom ei offentleg utgreiing frå 1999, som konkluderte med at ei tilslutting burde vera mogleg i laupet av ein femårsperiode dersom einskilde problemstillingar vart løyste.SOU 1999:25 (1999): Samerna - ett ursprungsfolk i Sverige. Frågan om Sveriges anslutning till ILO:s konvention nr 169, Jordbruksdepartementet, Stockholm. I 2011 meinte likevel framleis fleire parti i Riksdagen at det var uklart kva konsekvensar konvensjonen vil få. Danmark ratifiserte konvensjonen gjennom ein kgl. resolusjon av 18. januar 1996. For Danmark gjeld konvensjonen for inuittane på Grønland. mini|400x400pk|Landa som har ratifisert konvensjonen. Fylgjande land har slutta seg til konvensjonen (datoen i parentes viser til då han vart ratifisert):

(20. juni 1990) (5. september 1990) (11. desember 1991) (7. august 1991) (2. april 1993) (10. august 1993) (2. februar 1994) (28. mars 1995) (22. februar 1996) (5. juni 1996) (2. februar 1998) (3. mars 1998) (15. mai 1998) (3. juli 2000) (22. mai 2002) (25. juni 2002) (25. juli 2002) (15. februar 2007) (14. september 2007) (15. september 2008) (25. august 2010) (30. august 2010) (5. juni 2018)Luxembourg ratifies the Indigenous and Tribal Peoples Convention, 1989 (No. 169) ILO. Besøkt 27. januar 2021.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «ILO-konvensjonen om urfolks rettigheter» frå , den 25. november 2023.

Litteratur ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk (1989) : håndbok. Norsk omsetjing ved Gáldu – Kompetansesenteret for urfolks rettigheter. (2008). ISBN 978-82-8144-040-1. Originaltittel: ILO Convention on Indigenous and Tribal Peoples, 1989 (No. 169): A Manual. Thornberry, Patrick. (2002). Indigenous Peoples and Human Rights. Manchester: Manchester University Press, s. 339–367.

Bakgrunnsstoff Indigenous and Tribal Peoples Convention, 1989 (No. 169) i ilo.org ILO-konvensjonen om urfolks rettigheter i FN-Sambandet

Saksgang på Stortinget «St. prp. nr. 102 (1989-90)» i Stortinget.no «Innst. S. nr.197 (1989-90)» i Stortinget.no

Kategori:ILO-konvensjonar Kategori:Urfolksrett