Nilmunnrugar er ein ferskvassfisk som lever i kystelvar i Israel og Libanon, i Nilen, Tsjadbassenget, Kongo, Niger, Benue, Volta, Gambia og Senegal. Han finst også introdusert ei rekkje stader utanfor det opphavlege leveområdet sitt.
Fisken kan bli opptil 60 cm lang, og vega over 5 kg. Som mange andre typar tilapia blir hannar større og veks raskare enn hoer.
I slekta Oreochromis vernar hoa egga ved å ta vare på dei i munnen.
Nilmunnrugaren kan bli over 10 år gammal.
Denne cikliden har stor økonomisk tyding. Der fisken lever vilt blir det fiska mykje etter han, og han er den viktigaste ciklidearten i akvakultur. Nilmunnrugar et malariamygg, og kan derfor ha ei rolle i å kontrollera malaria.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nilmunnruger» frå , den 2. november 2023.
Denne artikkelen bygger på «Nile tilapia» frå , den 2. november 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ferskvassfisk i Europa Kategori:Ciklidar