Pamela Badjogo ( er ein gabonsk jazzsongar og tidlegare medlem av supergruppa Les Amazones d'Afrique.
Badjogo var fødd i Libreville. Under oppveksten song ho i eit kyrkjekor. I 2005 flytta ho til Bamako i Mali for å studera biologi. Ho byrja å synga og spela inn låtar, og i 2007 nådde ho finalen i musikkshowet Casa Sanga på TV-kanalen Africable, som blir sendt i store delar av det fransktalande Afrika. Det fyrste albumet hennar, Mes Couleurs, kom uti 2015.
Badjongo song ved avslutningsseremonien for den afrikanske meisterskapen i fotball for herrar i Liberville 2017. Ho er busett i Lyon i Frankrike.
Musikkstilen hennar er ei blanding av afropop, blues og jazz som ho syng på fransk og bantuspråk.
Diskografi
2015 Kanou 2020 Kaba
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pamela Badjogo» frå , den 16. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Gabonske musikarar Kategori:Folk frå Libreville