Mon Plaisir er ein lysthuspaviljong i Fjellveien, nord for Mulelven, i Ladegården i Bergen. Som ein del av parkanlegget til lystgarden Christinegård blei paviljongen oppført av Michael D. Prahl rundt 1836. Trebygninga er forma som eit lite romersk tempel med joniske søyler. Den franske teksta «MON PLAISIR» er måla på frisa til tempelfronten og tyder 'mi glede'.

Utsiktspaviljongen blei freda i 1927 og er i dag eigd av Bergen kommune.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mon Plaisir» frå , den 30. september 2023.

Bakgrunnsstoff

Bergen byleksikon på nett, om Mon Plaisir

Fleire foto frå UIB

Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kulturminne i Bergen Kategori:Historie i Bergen Kategori:Sandviken i Bergen Kategori:Bergenhus