Tansøya er ei øy i Kinn kommune i Vestland fylke. Eit smalt sund, som det går vegbru over, skil ho frå øya Askrova i nord.

I ein heller på Tansøya finst det spor etter busetjing frå bronsealder eller jernalder og ei nausttuft frå jernalder eller mellomalder.Riksantikvaren - Kulturminnesøk På 1800-talet vart det oppretta sildesalteri på øya. Ho fekk telegraflinje på 1860-talet.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Kinn prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Kinn herred, frå Digitalarkivet 21 49

Kjelder

Albert Abramson Joleik, Soga om Flora - soga fram til 1801 (Flora sogenemnd, 1980) Harald J. Stavang, Flora - Kulturhistorisk vegvisar (Selja forlag, 1999)

Kategori:Øyar i Kinn