Harald Haare () var ein norsk jarnbanemann og politikar frå Drammen.
Far til Haare var tilsett i Statsbanene. Harald Haare sjølv fekk seg arbeid i Norges Statsbaner i 1902, i stilling som overkonduktør frå 1920. Frå 1924 var han elles nestformann i Norsk Jernbaneforbund.
Haare var medlem av Drammen bystyre frå 1917 og hadde plass i formannskapet frå 1920. I 1927 vart han vald til å representere Arbeidarpartiet og valkrinsen Drammen, Kongsberg og Hønefoss på Stortinget 1928-30. På Tinget var han medlem i Jarnbanekomitéen, men døydde allereie tidleg i den andre sesjonen.
Eidsvollmannen Kristoffer Borgersson Hoen var hans tippoldefar.
Kjelder
Stortinget: 1928-30 Fremtiden 4. februar 1929
Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Folk frå Drammen