Johan Opsahl () var ein norsk gardbrukar, skogeigar og næringsdrivar frå Nes i Akershus. Han var stortingsrepresentant for partiet Høgre i tida 1910-12.
Opsahl utdanna seg ved landbrukshøgskulen på Ås. Han tok i 1898 over farsgarden Opsal. I tillegg til gardsdrift med skogbruk, dreiv han også tømmerhandel, sagbruk, mylne, frørenseri og torvstrøfabrikk. Ei tid var han styreformann for Funnefoss tresliperi.
Perioden 1907-10 hadde Opsahl sete i formannskapet i Nes. Hausten 1909 vart han vald til å representere einmannskrinsen Øvre Romerike på Stortinget 1910-12. På Tinget hadde han sete i Lagtinget og han var medlem av Jarnbanekomiteen. Han ivra for å få ein aust/vest-jarnbane mellom Kongsvinger og Gjøvik, men tida var over for dei store jarnbanestrekka på det sentrale Austlandet. Opsahl var i 1910 permittert 8.–20. juni og i 1911 frå 20. juni til 24. juli.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Nes i Akershus