mini|Årbybåten Årbybåten er restane av ein fire meter lang robåt, som vart funnen i 1938. Han var del av ei båtgrav frå vikingtida. Grava låg på land i Årby nær Uppsala i Sverige. Funnet er datert til 859-950. I båten låg restane av ei kvinne, som var gravlagt saman med ein hest og ein hund.

Samanliknar ein byggemåten med småbåtane i Gokstadfunnet, frå omlag same tid, er den viktigaste skilnaden at Årbybåten har ein breid og grunn kjøl. Han manglar betar eller tverbjelkar.

alt=Kopi av Årbybåten.|mini|Kopi av Årbybåten.

I 2002 var båten, hesten og hunden stilt ut på Historiska Museet i Stockholm. Der er laga fleire rekonstruksjonar av båten, mellom dei «Ottar» frå 1998.Styrelsen informerar. vendelsjon.se. Henta 3. mai 2019 RAÄ-nummer INL:017. Riksantikvarieämbetet. Henta 3.mai 2019

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Årbybåden» frå , den 10. juli 2023.

Bakgrunnsstoff Årbybåten ved shm.se

Kategori:Museumsskip Kategori:Svenske skip Kategori:Klinkbygde båtar Kategori:Arkeologiske funn i Sverige