Kjetil Bjørlo () er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Halden. I over ti år fram til 2001 tevla han på høgste nivå. Individuelt vann han VM-bronse i 1997 og sølv i nordisk meisterskap 1999, han sikra seg to NM-gull attåt.

Aktiv Bjørlo var med i dei norske stafett-laga som kom på andreplass i den nordiske meisterskapen i åra 1992, 1995 og 1997. Under orienterings-VM 1997 ved Grimstad tok han bronsemedaljen på klassisk-distansen, einast Petter Thoresen og svenske Jörgen Mårtensson orienterte betre. I den same meisterskapen vann han også bronse i stafett, saman med Håvard Tveite, Bjørnar Valstad og Petter Thoresen. To år seinare kneip Bjørlo sølvmedaljen på kort-distansen ved Nordisk meisterskap i orientering 1999 i Malvik.

Bjørlo vart norsk meister i kort løype i 1997 og på langdistanse i 1999.

Halden Skiklubb, med Bjørlo i mannskapet, sigra i den store orienteringsstafetten Jukola i 1989, 1998 og 2000. Han var også med på å vinne Tiomila åra 1998–2000 og 2002–04 for Halden SK.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap Nordisk 1992: Sølv i stafett Nordisk 1993: Nr 7 på kort-distansen VM 1993: Nr 8 på kort-distansen Nordisk 1995: Sølv i stafett, nr 7 individuelt Nordisk 1997: Sølv i stafett, nr 4 på kort-distansen VM 1997: Bronsemedalje i klassisk løype og i stafett Nordisk 1999: Sølvmedalje på kort-distansen VM 2001: Nr 7 på kort-distansen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kjetil Bjørlo» frå , den 7. juli 2023.

Kategori:Norske orienteringsløparar Kategori:Folk frå Halden