Kathy Lie () er ein norsk sjukepleiar og politikar frå Lier som sidan 2021 representerer Buskerud på Stortinget, vald for Sosialistisk Venstreparti.
Lie tok fem-årig utdanning i homøopati ved Norsk akademi for naturmedisin og arbeidde nokre år som homøopat. Ho har òg vore tilsett ved Drammen sjukehus som spesialsjukepleiar.
Gjennom fylkestingsvalet 2019 fekk ho plass i fylkestinget for Viken der ho var fylkesvaraordførar 2019–2021. Hausten 2021 vart ho vald til stortingsrepresentant frå Buskerud og SV. Ho er medlem i Familie- og kulturkomiteen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Lier