mini|Hyrkania Hyrkania (gresk Ὑρκανία, Hyrkania, gammelpersisk 𐎺𐎼𐎣𐎠𐎴, Varkâna, middelpersisk 𐭢𐭥𐭫𐭢𐭠𐭭, Gurgān, akkadisk Urqananu) er ein historisk region av land søraust for Kaspihavet (som derfor ein gong blei kalla Det hyrkanske havet) i dagens Iran, avgrensa i sør av Elburzfjella og i aust av fjellkjeda Kopet Dag.Woodhouse (1910), s. 1013Lendering (1996)Sherwin-White & Kuhrt (1993), s. 81 Dei iranske provinsane som dekker delar av dette området er Mazandaran, Gilan og Golestan.

Historie Landet blei skildra som skogdekt og rikt på ville dyr, og berre fruktbart ved kysten. I dei tidlegaste tidene var det folkesett av tapurane, amardane, gelarane og kadusiarane. Tapl, Zodrakarta og Hyrkania blei omtalt som byar. Kring 800 f.Kr. blei Hyrkania erobra av assyrarane.

Seinare i antikken var landet underlagt oldtidsriket Media med ein satrap (guvernør), sidan var det ein underprovins av det persiske Akamenideriket, og deretter var det ein provins i etterfølgjarane til riket: Selevkideriket, Partia og Sasanideriket. Hyrkania grensa mot Partia i aust (seinare kjent som Abarshahr), Dihistan i nord, Media i sør og Mardia i vest. Etter at Sasanideriket fall i år 651 var Hyrkania kjent som Tabaristan.

Sjå òg# Hyrkansk skog

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hyrkania» frå , den 31. mai 2023. oppgav desse kjeldene: Lendering, Jona (1996): «Hyrcania», Livius Sherwin-White, Susan M.; Kuhrt, Amélie (1993): From Samarkhand to Sardis: A New Approach to the Seleucid Empire, University of California Press Woodhouse, S. C. (1910): English-Greek Dictionary: A Vocabulary of the Attic Language 24. februar 2021 hos ., University of Chicago Library

Kategori:Turkmenistan Kategori:Persarriket