«Rag Doll» er ein song av det amerikanske rockebandet Aerosmith, frå albumet deira Permanent Vacation frå 1987. Han vart gitt ut som den siste singelen frå albumet i 1988, og vart skriven av Steven Tyler, Joe Perry, Jim Vallance og Holly Knight. Songen «filtrerer essensen av Aerosmiths mest funky augneblink gjennom boom-thwack-rytmen frå hårmetallen frå 80-talet».

Opphavet til songen Songteksten vart primært skriven av Tyler og Vallance, Perry skreiv gitarriffet, og Vallance skreiv basslinja. Songen hadde opphavleg tittelen «Rag Time», men John Kalodner likte ikkje det, så Holly Knight vart tilkalla for å hjelpa til med å endra teksten. Ho foreslo «Rag Doll», som eigentleg var ein annan tittel Tyler og Vallance hadde vurdert.

Oppbygginga av songen Songen er kjend for trommeslagaren Joey Kramer sin 1-2-1-2 rytme i byrjinga av songen, slidegitaren til Joe Perry, og ein hornseksjon arrangert av Tom Keenlyside. Songen er i h-moll. Melodien og teksten til det andre verset er basert på den vokale motmelodien til The Rolling Stones sin versjon av Hank Snow sin «I'm Movin' On» som finst på Got Live If You Want It! der Keith Richards syng «Yes, I'm movin'» som svar på Mick Jagger som syng «I'm movin' on». Musikken på radiosingelen skilde seg frå albumversjonen ved å ha ein meir presserande, drivande rytme, driven av bassen til Tom Hamilton, og litt andre saksofontonar. Denne versjonen hadde ein tidlegare uttoning, og utelét den klassiske klarinett- og trompetduetten bak scat-synginga til Tyler. Videoen er basert på albumversjonen av songen.

Mottaking Cash Box sa at «det er ein spicy trommeeffekt heilt på slutten av denne rocka, hit-singelen».

Alle utgåver

Rag Doll (4:24) Rag Doll (Extended Vacation) (6:59) Rag Doll (Rock Mix) (4:23) Rag Doll (Rockappella Mix) (4:07) Rag Doll (Dub Version) (5:33) Rag Doll (Extended Vacation/LP Version) (7:15) Rag Doll (The All Dayparts Edit) (3:05) Rag Doll (Remix) (2:50) Rag Doll (Edit) (3:05) Rad Doll (Wals Version)

Salslister +Vekesliste for «Rag Doll»Liste (1988–89)PlasseringCanada Retail Sales (RPM) 9Italy (Musica e Dischi) Set «Tipo» på «Singoli». Then, in the «Titolo» field, search «Rag doll». 12

Andre versjonar Ted Nugent Tony Franklin Vinnie Colaiuta Derek Sherinian spelte inn songen for hyllestalbumet Not the Same Old Song and Dance (Eagle Records, 1999). Korvokal vart sungen av David Glen Eisley.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rag Doll (Aerosmith song)» frå , den 14. mai 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Musikkvideoar regisserte av Marty Callner Kategori:Songar skrivne av Holly Knight Kategori:Songar skrivne av Jim Vallance Kategori:Songar skrivne av Steven Tyler Kategori:Songar skrivne av Joe Perry Kategori:Songar produserte av Bruce Fairbairn Kategori:Geffen Records-singlar Kategori:Songar frå 1987 Kategori:Glam metal-songar