Brighton Dome, lokalt berre kalla The Dome, er eit teater- og konserthus i Brighton i England. Huset opna dørene i 1867, men har historie tilbake til 1803. I dag har Brighton Dome ein konsertsal, eit studioteater og ein historisk kornbørs. Alle tre salane er knytta til det nærliggjande Royal Pavilion via ein underjordisk tunnel.

Bakgrunn Brighton Dome blei bygd på bestilling frå dåverande prins Georg IV i 1803. Prinsen fekk arkitekt William Porden til å teikne eit stort kuppelforma bygg som skulle fungere som stall for hestane hans, samt ein kornbørs. Stallen hadde plass til 44 hestar og kuskane deira. Taket var ein stor kuppel – en dome – med diameter på 24 meter og høgde på 20 meter. Bygninga kosta pund, og stallen blei opna i 1808.

I 1850 selde dronning Victoria, niesa til Georg IV, eigedommen til Brighton by, og stallen fungerte som kavaleribrakker frå 1856 til 1864. Etter dette blei innsida fullstendig bygd om og opna 24. juni 1867 som ein konsert- og møtesal med plass til 2500 menneske. I 1867 blei også ridehuset pussa opp og gjort om til ein kornbørs. Det blei handat korn i bygget kvar torsdag fram til desember 1914, då bygninga blei gjort om til eit militærsjukehus og seinare til ein rulleskeisebane.

Ein ny omfattande runde med oppussing skjedde i 1934 og 1935, og konsertsalen blei bygd om til slik han ser ut i dag. Salen har plass til 2100 publikummarar. Domen fekk også eit nytt pipeorgel, eit av dei mest kjente særtrekka til bygget.

Bruk Brighton Dome er eit av dei største og mest kjende musikk- og teaterbygget i Sør-England. Årleg vert det arrangert over 600 konsertar, teater- og danseframsyningar, bokbad, filmar og skodespel her. I tillegg husar domen den årlege Brighton Festival.

I 1974 blei Eurovision Song Contest arrangert i Brighton Dome, der Sverige og ABBA vann tevlinga med «Waterloo».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brighton Dome» frå , den 9. mai 2022.

Kategori:Teater i England Kategori:Konsertlokale i England Kategori:Eurovision Song Contest 1974 Kategori:Eurovision Song Contest-arenaer