Brian Michael Downey () er ein irsk trommeslagar. Han var ein av grunnleggjarane av rockebandet Thin Lizzy og den einaste konstanten i bandet bortsett frå leiaren Phil Lynott fram til oppløysinga i 1983. Downey var òg med på å skriva fleire Thin Lizzy-låtar. Allmusic-kritikaren Eduardo Rivadavia har hevda at Downey er «absolutt ein av dei mest undervurderte rocketrommeslagarane».

Karriere Han voks opp i Crumlin i Dublin, og den tidlige musikalske innverkanaden hans kom frå hans far som spelte i eit lokalt sekkepipeband og elska jazz, og òg frå heltane hans frå 1960-åra: The Kinks, The Beatles og The Rolling Stones. I sin ungdom møtte Downey venen, medgrunnleggjaren og bassgitaristen Phil Lynott, som gjekk på same skule. Før han danna Thin Lizzy hadde Downey vore med i ei rekkje skuleband, først The Liffey Beats, Mod Con Cave Dwellers og ein kort periode The Black Eagles (med Lynott). Han gjekk vidare til å spela i eit lokalt band, Sugar Shack, og vart så overtalt av Lynott til å bli med i eit anna band, Orphanage. Då han møtte gitaristen Eric Bell, danna dei trioen Thin Lizzy. Sjølv om besetninga av musikarar i bandet endra seg i løpet av åra, med unntak av Lynott, heldt Downey fram med å vere det einaste andre faste medlemmen i bandet dei neste tretten åra, i tillegg til å spela trommer på soloalbumet til Lynott.

Etter Lynott døydde i 1986 spelte Downey i hyllestbesetninga til Thin Lizzy med John Sykes, Scott Gorham, Darren Wharton og Marco Mendoza, men var fråverande frå seinare Thin Lizzy-turnear. Etter Sykes slutta i gruppa i 2009 skapte gitarist Scott Gorham ei ny besetning av Thin Lizzy. Downey, Mendoza og Wharton vart med igjen, saman med to nye medlemmer: Def Leppard-gitaristen Vivian Campbell og tidlegare vokalist frå The Almighty, Ricky Warwick. Denne versjonen av Thin Lizzy starta ein omfattande verdsturné i januar 2010 og heldt fram med å turnera fram til byrjinga av 2013, med den nye faste gitaristen Damon Johnson som etter kvart erstatta Richard Fortus. Gorham hadde uttalt at bandmedlemmene vurderte å spela inn nytt materiale, og dette prosjektet dukka til slutt opp under namnet Black Star Riders, som Downey valde å ikkje vera involvert i på grunn av presset frå jamleg turnéverksemd.

Downey var gjest ved avdukinga av statuen av Lynott i 2005, og tromma for Gary Moore på hyllestkonserten som følgde. Downey medverka òg på Moore-albumet frå 2007, Close As You Get, og etterfølgjande turné.

mini|Brian Downey's Alive and Dangerous i 2022. F.v.: Brian Grace, Brian Downey, Matt Wilson og Phil Edgar

I byrjinga av 2016 danna Downey ein trio, seinare firedelt band kalla Brian Downey's Alive and Dangerous. Bandet består av Downey, bassist/solovokalist Matt Wilson, gitarist/vokalist Brian Grace og gitarist/vokalist Phil Edgar. Dei turnarar i Europa og framfører hovudsakleg Thin Lizzy-låtar.

Diskografi Med Thin Lizzy

Thin Lizzy (1971) Shades of a Blue Orphanage (1972) Vagabonds of the Western World (1973) Nightlife (1974) Fighting (1975) Jailbreak (1976) Johnny the Fox (1976) Bad Reputation (1977) Live and Dangerous (1978) Black Rose: A Rock Legend (1979) Chinatown (1980) Renegade (1981) Thunder and Lightning (1983) Life (1983)

Andre album Funky Junction – A Tribute to Deep Purple (1973) Gary Moore – Back on the Streets (1978) Phil Lynott – Solo in Soho (1980) Phil Lynott – The Philip Lynott Album (1982) John Sykes – «Please Don't Leave Me» (1982) Ymse artistar – Straight to Hell (1987) The Baby Snakes – Sweet Hunger (1988) Don Baker – Almost Illegal (1989) Gary Moore – After the War (1989) Gary Moore – Still Got the Blues (1990) Spirit Nation – Spirit Nation (1992) Blues Up Front – All the Way from Dublin (1999) Gary Moore – Close as You Get (2007)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brian Downey (drummer)» frå , den 22. april 2023.

Kategori:Irske rocketrommeslagarar Kategori:Irske trommeslagarar Kategori:Irske studiomusikarar Kategori:Musikarar frå Dublin Kategori:Thin Lizzy-medlemmar Kategori:The Gary Moore Band-medlemmar Kategori:Grand Slam-medlemmar