Blackfoot Confederacy, Niitsitapi, eller Siksikaitsitapi (ᖹᐟᒧᐧᒣᑯ, som tyder 'folket' eller 'blackfoot-talande verkelege folk'), er ei historisk samlenemning for nokre språkleg nærskylde nordamerikanske folkegrupper: Siksika (Blackfoot, 'Svartfot'), Kainai eller Blood ('Mange hovdingar') og to grupper av peigan eller piikani ('Flekkete kjortel'), nord-piikani (Aapátohsipikáni) og sør-piikani (Amskapi Piikani eller Pikuni). Vidare definisjonar omfattar også grupper som tsúùtínà (Sarcee) og A'aninin (Gros Ventre), som tala andre språk, men allierte seg med eller blei med i Blackfoot Confederacy.

Historisk var folk som tilhøyrde Blackfoot Confederacy nomadiske bisonjegerar og aurefiskarar som levde i store område i dei nordlege delane av Great Plains vest i Nord-Amerika, særleg den halvtørre kortgraspæiren. Dei følgde bisonflokkane som vandra mellom det som no utgjer statane USA og Canada, så langt nord som til Bowelva. Frå fyrste halvdelen av 1700-talet skaffa dei seg hestar og skytevåpen frå kvite handelsmenn og mellommenn frå cree- og assiniboinefolka. Blackfootfolk nytta desse til å utvida territoriet sitt på kostnad av nabostammer.

I dag heldt tre sjølvstyrande blackfoot-grupper til i Alberta i Canada (siksika-, kainai- og piikaninasjonen), medan Blackfeet Nation er ein føderalt anerkjend Native American tribe i Montana i USA. Gros Ventre er medlemmer av Fort Belknap Indian Community of the Fort Belknap Reservation of Montana i USA, medan Tsuutʼina Nation er ei First Nation-gruppe i Alberta i Canada.

Galleri

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blackfoot Confederacy» frå , den 16. april 2023.

Kategori:Algonkinske folk