Ratzeburg er ein by og ein kommune søraust i forbundslandet Schleswig-Holstein i Tyskland. Folketalet var 14 418 i 2021 og kommunen omfattar 30,3 km². Byen ligg om lag 20 kilometer sør om Lübeck og i nærleiken av grensa mot Mecklenburg-Vorpommern.

mini|venstre|Bilde av Ratzeburg frå kring 1590.

Gamlebyen ligg på ei øy i Ratzeburger See, med fastlandssamband over tre demningar.

Byen er i Noreg særleg kjent for dei internasjonale roregattene som årleg vert arrangert på vatnet Ratzeburger See.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ratzeburg» frå , den 14. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Schleswig-Holstein