Natalija Vladimirovna Jurtsjenko () er ein russisk-fødd tidlegare turnar frå Norilsk som representerte Sovjetunionen. Ho vart i 1983 verdsmeister i mangekamp i Budapest, i den same meisterskapen og to år seinare vann ho VM-gull med Sovjetunionen i lagtevlinga. Jurtsjenko var ein nyskapande turnar, særleg kjent som opphavsperson til Jurtsjenko-hoppet.

Karriere Aktiv turnar Jurtsjenko vart sovjetmeister i 1982. Ho imponerte stort då ho under verdscupfinalen 1982 i Zagreb sigra i så vel mangekamp som i hopp og på bom. År 1983 vann ho alle øvingane ved universiaden og i sovjet-meisterskapen, med unnatak for frittståande. Ho gjekk til topps i mangekampen under verdsmeisterskapen i Budapest, undervegs oppnådde to blanke 10-iarar. I tillegg vann ho gull i lagtevlinga, men etter ho skada seg i hoppfinalen trekte ho seg frå dei andre apparatfinalane.

I 1985 vann Jurtsjenko, bortsett frå hopp og bom, alle tevlingane ved universiaden. Ho bidrog sterkt til at Sovjetunionen vann lagtevlinga under Turn-VM 1985, individuelt vart ho i nummer 6 i mangekampen og to av apparatfinalane.

Trenar Ho utvandra til USA i 1999. Ho var trenar ved klubben LVSA i Pennsylvania i nær ni år, og deretter ved Parkettes National Gymnastics Training Center i Pennsylvania og Lakeshore Academy of Artistic Gymnastics i Chicago.http://lakeshoreacademy.com/ Lakeshore Academy of Artistic Gymnastics In June 2015, she opened her own gymnastics academy, C.I.T.Y. Club Gymnastics Academy, in Chicago's South Loop.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Natalia Yurchenko» frå , den 30. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Forklaring av Jurtsjenko-hoppet. Youtube-film.

Kategori:Russiske turnarar Kategori:Sovjetiske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn