Storsnøstjerne (Scilla luciliae) er ei plante i snøstjerneslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå det vestlege Tyrkia. Arten var tidlegare rekna til slekta Chionodoxa med namnet C. luciliae.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1994. Arten er i rask auke og veks talrike stader i kyststrøk og låglandet til Troms. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potesielt høg risiko (PH).
Det er gjort funn av hybridar med snøstjerne (S. forbesii × S. luciliae) frå Oslo til Drammen. Denne finst truleg mange fleire stader.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Snøstjerneslekta