1412 (romartal MCDXII) var eit skotår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen. Hendingar
Utlandet Dronning Margrete vart hylla som rette herskarinne over borgarane i byen Flensburg. Shoko vart keisar av Japan då faren Go-Komatsu abdiserte. Johan II av Castilla innførte lovar som avgrensa dei sosiale rettane til jødar. Mellom anna kunne dei ikkje arbeide for staten og måtte gå med særskilde klede. Eit kyrkjemøte i Arboga retta skarp kritikk mot den døde Margrete for hennar lova, men ikkje gjennomførte, skattelettingar.
Noreg 28. oktober: Då Margrete Valdemarsdotter døydde fekk Erik av Pommern den verkelege makta over Kalmarunionen.
mini|upright|Jeanne d'Arc vart fødd i 1412
Fødde 6. januar: Jeanne d'Arc, fransk folkehelt og katolsk helgen
Døde 28. oktober: Dronning Margrete Valdemarsdotter Albrekt av Mecklenburg, svensk konge 1364–1389 Knut Tordsson Bonde, far til Karl Knutsson Bonde