Ina Donna Coolbrith (), fødd Josephine Donna Smith, var ein amerikansk diktar, skribent, bibliotekar og ein framståande figur i det litterære miljøet i San Francisco Bay Area. Ho blei kalla «Sweet Singer of California». Coolbrith var den fyrste som blei utnemnd til California Poet Laureate og den fyrste til å bli poet laureate i nokon amerikansk delstat.
Coolbrith var niese av Joseph Smith, grunnleggjaren av The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints. Ho forlet mormonarsamfunnet som barn og byrja tenåra i Los Angeles i California, der ho byrja å gje ut lyrikk. Etter eit mislukka ungdomsekteskap slo ho seg ned i San Francisco. Der møtte ho forfattarane Bret Harte og Charles Warren Stoddard som ho grunnla «Golden Gate Trinity» med, ei gruppe som var tett knytt til litteraturtidsskriftet Overland Monthly. Dikta hennar fekk positiv merksemd frå kritikarar og etablerte diktarar som Mark Twain, Ambrose Bierce og Alfred Lord Tennyson. Ho heldt litterære salongar ved heimen sin i Russian Hill, og introduserte gjennom denne nye forfattarar til utgjevarar. Coolbrith blei ven med diktaren Joaquin Miller, og hjelpte han til å oppnå global merksemd.
Medan Miller reiste gjennom Europa og levde ut den felles draumen deira om å vitja grava til Lord Byron, passa Coolbrith dottera hans og medlemmer av sin eigen familie. Som følgje av dette kom ho til å slå seg ned i Oakland og ta stillinga som bybibliotekar. Lyrikken hennar leid som følgje av dei lange arbeidsdagane hennar, men ho var mentor for ein generasjon av unge lesarar som omfatta Jack London og Isadora Duncan. Etter at ho hadde vore 19 år ved biblioteket i Oakland blei Coolbrith avsett ved ei omorganisering. Ho flytta tilbake til San Francisco og blei beden av medlemmer ved Bohemian Club om å bli bibliotekar for dei.
Coolbrith byrja å skriva ei litteraturhistorie om California, med mykje sjølvbiografisk materiale, men brannen etter jordskjelvet i San Francisco i 1906 øydela det ho hadde gjort. Forfattaren Gertrude Atherton og vener frå Bohemian Club friends hjelpte henne til å slå seg ned i eit nytt hus, og ho byrja å skriva att og halda litterære salongar. Ho reiste fleire gonger med tog til New York by, og med færre bekymringar i livet fekk ho ein større poetisk produksjon.
30. juni 1915 blei Coolbrith utnemnd til poet laureate for California, og ho fortsette å skriva poesi i åtte år til. Stilen hennar var meir enn dei typiske melankolske eller oppløftande temaa ein forventa frå kvinner — ho tok for seg ei mengd emne i dikta sine, som blei skildra som «einskild sympatetiske» og «kjenneleg spontane». Dei sanselege skildringane hennar av natuen bidrog til å utvikla viktoriansk poesi til å vera meir nøyaktig enn banalt sentimentar, og var ein føregangar for imagisme-skulen og verka til Robert Frost.Axelrod, 2003, s. 610 Ein annan poet laureate for California, Carol Muske-Dukes, skreiv om dikta til Coolbrith at sjølv om dei var påverka av britisk statlegheit var «California framleis inspirasjonen hennar».
Bakgrunn mini|Coolbrith som ung kvinne. Ina Coolbrith blei fødd som Josephine Donna Smith i Nauvoo i Illinois som den yngste av dei tre døtrene til Agnes Moulton Coolbrith og Don Carlos Smith. Faren var ein bror av Joseph Smith, som grunnla mormonismen.Egli, 1997, s. 215. Han døydde av malariafeber fire månader etter at dottera var fødd,Herny, 2008, s. 20. og ei av systrene hennar døydde ein månad etter dette att.Egli, 1997, s. 215. Mor til Coolbrith gifta seg så med Joseph Smith i 1842, og blei den sjette eller sjuande kona hans. Dei fekk ingen barn saman, og Agnes følte seg oversett i dette levirat-ekteskapet, det einaste slike ekteskapet til Smith.
I juni 1844 blei Smith drepen av ein anti-mormonsk mobb. Mor til Coolbrith mista trua og frykta for livet. Ho drog frå mormonarsamfunnet og flytta til Saint Louis i Missouri, der ho gifta seg med ein trykkar og advokat som heitte William Pickett. Paret fekk tvillingsøner, og i 1851 reiste familien Pickett over land til California i eit vogntog. På den lange vandringa las unge Ina frå ei bok med Shakespeare-verk og frå ei diktsamling av Byron. Som tiåring vandra Ina inn i California framfor vogntoget i lag med den kjende afroamerikanske speidaren Jim Beckwourth, ridande med han på hesten hans, gjennom det som seinare skulle bli kalla Beckwourth Pass. Familien slo seg ned i Los Angeles, der Pickett skipa ein advokatpraksis.
For å unngå identifikasjon med den tidlegare familien sin eller med mormonismen, gjekk mor til Ina tilbake til å bruka jentenamnet sitt, Coolbrith. Familien bestemte seg for å ikkje snakka om mormonfortida si, og det var fyrst etter at Ina Coolbrith døydde at allmugen fekk kjennskap til opphavet hennar. Coolbrith heldt likevel kontakt med Smith-slektningane sine, inkludert ein livslang korrespondanse med fetteren sin Joseph F. Smith."The Poet and the Apostle: The Correspondence of Ina Coolbrith and Joseph F. Smith" by Scott Hales. Mormon History Association. 10. juni 2016
Coolbrith, som kunne bli kalla «Josephina» eller berre «Ina», skreiv dikt frå ho var 11. Ho gav ut sitt fyrste dikt, «My Ideal Home», i ei avis i 1856 under namnet Ina Donna Coolbrith.Axelrod, 2003, s. 610 Ho gav også ut tekstar i Poetry Corner i Los Angeles Star og i California Home Journal. Som ung kvinne blei Coolbrith kjend for venleiken sin. Ho blei vald ut til å opna eit ball i lag med Pío Pico, den siste mexicanske guvernøren av California.
I april 1858, då ho var 17, gifta Coolbrith seg med Robert Bruce Carsley, som var jernarbeidar og deltidsskodespelar. Carsley misthandla henne,Axelrod, 2003, s. 610 og ho leid ytterlegare då den nyfødde sonen deira døydde. Ein krangel mellom Pickett og Carsley resulterte i at ei kule lemlesta handa til Carsley slik at han måtte amputera henne. Carsley anklaga Coolbrith for utruskap,Herny, 2008, pp. 22–23. og ho skilde seg frå han i ein sensasjonell offentleg rettssak; oppløysinga blei fullenda 30. desember 1861. Eit seinare dikt ho skreiv, «The Mother's Grief», var ei lovprising til sonen ho hadde mista, men ho forklarte aldri offentleg tydinga av diktet. Det var fyrst etter at Coolbrith var død at dei litterære venene hennar oppdaga at ho nokon gong hadde vore mor.Egli, 1997, s. 215.
I 1862 flytta Coolbrith med mora, stefaren og tvillingbrørne til San Francisco. Ho endra også namn frå Josephine Donna Carsley til Ina Coolbrith. I San Francisco fann ho ei stilling som engelsklærar.
Diktar mini|Ina Coolbrith i 1880-åra. Coolbrith møtte snart Bret Harte og Samuel Langhorne Clemens, som skreiv under namnet Mark Twain, i San Francisco. Ho gav ut dikt i The Californian, eit nytt litterært blad skipa i 1864 og redigert av Harte og Charles Henry Webb. I 1867 blei fire av dikta til gjevne ut i The Galaxy.Library of Congress, American Memory. Cornell University. I juli 1868 bidrog Coolbrith med diktet «Longing» til fyrste utgåve av Overland Monthly, og var uoffisiell medredaktør i lag som bidrog til å velja ut dikt, artiklar og soger til bladet. Ho blei ven med diktaren og skodespelaren Adah Menken,Axelrod, 2003, s. 610 og bidrog til å gje Menken ry som intellektuell, utan å klara å overtyda Harte om verdien hennar. Coolbrith arbeidde også som lærar for å få ei ekstra inntekt.
Gjennom eit tiår skreiv Coolbrith eit dikt til kvar ny utgjeving av Overland Monthly. I 1866 blei fire av dikta hennar gjevne ut i ein antologi redigert av Harte, og Coolbrith sitt «The Mother's Grief» fekk positiv omtalt i The New York Times.Egli, 1997, s. xix. Eit anna dikt, «When the Grass Shall Cover Me», opptredde utan forfattarnamn i ein antologi av John Greenleaf Whittier sine favorittverk av andre diktarar, Songs of Three Centuries (1875); Coolbrith sitt dikt blei rekna som det beste i denne gruppa. Newspaper clipping found inside A Perfect Day, and Other Poems, by Ina D. Coolbrith. 1881. I 1867 kom Josephine Clifford, som nyleg var blitt enke, til Overland Monthly for å verka som sekretær. Ho danna eit livslangt venskap med Coolbrith.Egli, 1997, s. 111.
Det litterære arbeidet til Coolbrith sette henne i kontakt med den britiske diktaren Alfred lord Tennyson og naturalisten John Muir, i tillegg med Charles Warren Stoddard, som også hjelpte Harte med å redigera Overland Monthly. Harte, Stoddard og Coolbrith blei kjende som «Golden Gate Trinity» i rolla si som redaktørar og fremjarar av litterær smak. Stoddard sa ein gong at Coolbrith aldri fekk nokre av dei litterære verka sine refuserte av ein utgjevar. Coolbrith møtte forfattaren og kritikaren Ambrose Bierce i 1869, og i 1871, då han gjorde kur til Mary Ellen Day, skipa Bierce til kortspelsamlingar mellom seg sjølv, Day, Coolbrith og Stoddard. Bierce meinte at dei beste dikta til Coolbrith var «California», eit ode ho skreiv til opningsseremonien for University of California i 1871, and «Beside the Dead», som ho skreiv i 1875. alt=A finely detailed monochrome photograph portrait of a bearded and mustachioed man in his 30s or 40s, shown from the waist up, wearing a jacket and vest over a white shirt with its collar closed by a cravat secured by a jeweled finger ring, a multi-corded watch fob hanging from a vest button, decorated by another ring, the man's hands together in his lap, his body leaning to the left and the head turned to the right, his dark hair full and long in the back, long but thin on top, revealing a high forehead|venstre|mini|Joaquin Miller i 1870-åra. I midten av 1870-åra møtte Coolbrith den eksentriske diktaren Cincinnatus Hiner Miller, som nett var blitt skild frå den andre kona si, og introduserte han for det litterære samfunnet i San Francisco, på oppmoding frå Stoddard. Miller siterte Tennyson då han skildra Coolbrith som «divinely tall, and most divinely fair».Herny, 2008, pp. 22–23. Då Coolbrith fann ut at Miller var fascinert av det heroiske, tragiske livet til den legendariske californio-fredlause Joaquin Murrieta, føreslo ho at Miller skulle ta namnet Joaquin Miller som pseudonym, og at han skulle gjers utsjånaden sin meir lik den til ein mountain man med lengre hår og passande klede.
Coolbrith hjelpte så Miller med å førebu ei reise til England, der han ville legga ein laurbærkrans på grava til lord Byron, som dei begge beundra mykje. Dei to samla greiner av California Bay-laurbær i Sausalito, og tok portrettfotografi i lag. Coolbrith skreiv «With a Wreath of Laurel» om dette prosjektet.Herny, 2008, pp. 22–23. Miller drog til New York med tog, og byrja kalla seg «Joaquin Miller» for fyrste gong. I august 1870 var han komen til London. Då han la kransen på gravstaden til Byron i Church of St. Mary Magdalene i Hucknall, skapte det oppstyr blant den engelske prestestanden, som ikkje kunne sjå noko samband mellom diktarar i California og den avdøde lorden. Dei sende ein førespurnad til kong Konstantin I av Hellas om å få eia laurbærkrans frå dette landet, der Byron hadde døydd. Pengar frå Hellas og frå biskopen av Norwich følgde denne kransen, slik at den 500 år gamle kyrkja kunne vølast. Begge kransane blei hengde opp over grava til Byron. Etter dette fekk Miller kallenamnet «The Byron of the West».
Bibliotekar Coolbrith hadde håpa å reisa til Austkysten og Europa med Miller, men blei verande i San Francisco fordi ho kjende seg nøydd til å ta vare på mor si og den alvorleg sjuke systera si Agnes, som var enkje og ikkje klarte å ta seg av seg sjølv eller dei to barna sine. Seint i 1871 fekk ho også ansvar for ei tenåringsjenta, ei «Indian girl» Joaquin Miller hadde med seg, og som det gjekk rykte om var dotter hans, medan han drog utanlands att, denne gongen til Brasil og Europa.