mini|Gloster Gladiator frå Shuttleworth Collection i fargane til Hærens flyvesen. (Foto frå 2005) Gloster Gladiator var eit av dei siste dobbeldekka jagarflya som vart brukt i kamp, i byrjinga av den andre verdskrigen. Det var eit einseters engelskprodusert jagarfly, av typen avskjerings-jagar. Det hadde ein 9-sylindra luftkjølt radialmotor på 840 hk, og var utrusta med fire 0,303 Browning maskingevær.

Det hadde ein toppfart på litt over 400 km/t i 5000 meters høgd, og ei marsjfart på 340 km/t. Rekkevidda var på 656 km. Vekt tom: 3 476 lb, fullasta 4 750 lb. Vengespennet var på ca. 10,5 meter, lengda ca. 9 meter og høgda ca. 3,5 meter.

Flytypen vart også brukt av Noreg under starten av krigen, men dei fleste av desse vart raskt nedkjempa av dei tyske flystyrkane.Jarslett, Yngve. (1. juli 2013). Gladiator - jagerfly. I Store norske leksikon. Henta 27. februar 2020.

Kjelder Green, W. (1960). Warplanes of the Second World War. London: Macdonald & Co. ISBN 978-0356014456

Fotnotar

Kategori:Fly under andre verdskrigen Kategori:Britiske jagarfly