«Jezebel» er ein song frå 2022 med den finske rockegruppa The Rasmus. Låten vart gjeven ut 18. januar 2022 og er skriven av vokalisten i bandet Lauri Ylönen, saman med den mangeårige produsenten til The Rasmus, Desmond Child. Songen vann songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest, og var dimed det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.

Om songen Låtskrivaren Ylönen har forklart at songen «handlar om ei jente som tek det ho vil ha, utan å spørje, som ei fri sjel». Det er også ei hylling til «sterke kvinner, som er stolte over kroppen sin, bestemmer over eigen sensualitet og seksualitet, og som er fast bestemt på å vere likeverdige». Songtittelen viser til Jesabel, ein bibelsk skikkelse som var dronninga av Israel.

The Rasmus hadde lenge hatt planar om å delta i Uuden Musiikin Kilpailu, det finske svaret på Melodi Grand Prix, men gruppa meinte dei ikkje hadde riktig låt. Foran 2022-tevlinga, kom dei i kontakt med den amerikanske musikkprodusenten og musikaren Desmond Child. The Rasmus har tidlegare jobba med Child på 2008-albumet Black Roses, og dei kalla det «rått» å få jobbe saman med han igjen. «Han veit å setje saman ein hitsong», sa bandet ved utgjevinga av songen.

«Jezebel» var ein av deltakarlåtane i Uuden Musiikin Kilpailu 2022, der han vann ein klår siger. Som vinnar av tevlinga vart han det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. «Jezebel» deltok på og opna den andre semifinalen torsdag 12. mai 2022. Han gjekk til finalen, og vart nummer 21 av 25 med 38 poeng.

Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Finland (Suomen virallinen lista)4 Litauen (AGATA)24 Storbritannia (UK Download (OCC))34 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)7 Tsjekkia (Rádio – Top 100)5

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jezebel (The Rasmus-sang)» frå , den 14. desember 2022.

Kategori:Finske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar skrivne av Desmond Child