Horatio Alger Jr. (; ) var ein amerikansk forfattar som skreiv ungdomsbøker om fattige gutar som oppnådde tryggleik og komfort gjennom gode gjerningar og ærlegdom. Slike forteljingar er kjende som «from-rags-to-riches», og er ein grunnleggjande del av amerikansk kultur knytt til den amerikanske draumen.
Alger grunnfesta den litterære karrieren sin i 1868 med den fjerde boka si, Ragged Dick, som fortel om ein ung skopussar som oppnår middelklassevelstand. Romanen blei ein stor suksess, og etter denne skreiv Alger ei rekkje bøker over same lesten. Desse bøkene hadde typisk ein modig, hardtarbeidande og ærleg ung gut som hovudkarakter, ein snobbete ungdom, ein vond, grådig rikmann og ein mystisk framand som viste seg å vera ein velgjerar. På 1870-talet føreslo forleggjaren til Alger at han skulle reisa til vestlege USA for å få nytt materiale til bøkene sine. Alger drog til California, men lite endra seg i mønsteret til bøkene. Einaste skilnaden var at bøkene hans føregjekk i den litt villare vesten enn dei urbane delane av Nordaust-USA.
Mot slutten av 1800-talet utvikla Alger ein røffare tone i samsvar med endra smak blant lesarane sine, som ønskte seg sensasjon og spenning. Vald, drap og liknande tema blei del av verka hans. Bibliotekarar ved offentlege bibliotek stilte spørsmål ved om slike bøker skulle vera tilgjengelege for barn. Trass i dette fekk bøkene til Alge fornya interesse dei fyrste tiåra av 1900-talet, og blei selde i tusental. Då han døydde i 1899 hadde Alger gjeve ut rundt hundre titlar. Han er gravlagd i Natick i Massachusetts. Sidan 1947 har Horatio Alger Association of Distinguished Americans gjeve stipend og prisar til verdige individ.
Verk i utval 1856: Bertha's Christmas Vision: An Autumn Sheaf (dikt og soger) 1868: Ragged Dick, Or, Street Life in New York with the Boot-Blacks 1868: Fame and Fortune; or, The Progress of Richard Hunter 1869: Rough and Ready; or, Life Among the New York Newsboys 1872: Strive and Succeed; or, The Progress of Walter Conrad 1879: The Young Miner; Or, Tom Nelson in California 1879: The Telegraph Boy 1881: From Canal Boy to President; or, The Boyhood and Manhood of James A. Garfield 1883: Abraham Lincoln: the Backwoods Boy; or, How A Young Rail-Splitter Became President 1904: Adrift in New York: Tom and Florence Braving the World 1906: Joe the Hotel Boy, or Winning Out by Pluck
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Horatio Alger» frå , den 14. desember 2022. oppgav desse kjeldene:
Nackenoff, Carol. "The Horatio Alger Myth", in Myth America: A Historical Anthology, Volume II. 1997. Gerster, Patrick, and Cords, Nicholas. (editors.) Brandywine Press, St. James, NY.
Arkiv
The Papers of Horatio Alger, 1880–1953 ved Huntington Library. The H. Jack Barker Papers, ved Emory University's Manuscripts, Archives, & Rare Book Library. The Seligman Family Papers, 1877–1934 ved American Jewish Archives i Cincinnati i Ohio.
Bakgrunnsstoff
The Complete "Ragged Dick" Series on kindle. Horatio Alger Books On-Line 2 18 of Alger's works (with A Fancy of Hers, unique to this collection) Horatio Alger Books On-Line 3 3 of Alger's works (with The Maniac's Secret, unique to this collection) Horatio Alger research page at the University of Rochester Horatio Alger Society Home Page The Horatio Alger Association of Distinguished Americans The Horatio Alger Collection at Northern Illinois University The Horatio Alger Fellowship for the Study of American Popular Culture at Northern Illinois University "Horatio Alger and the 100-Year-Old Secret" New England Historical Society article Stories of Success the Horatio Alger Series Sumner Books Publishing.
Kategori:USA-amerikanske forfattarar frå 1800-talet Kategori:USA-amerikanske forfattarar frå 1900-talet Kategori:USA-amerikanske barnebokforfattarar