Medvite nærvære (av engelsk mindfulness) er ein praksis der ein medvite fører merksemda si mot det ein opplever nett då utan å vurdera det, eller «evna til å vera vaken i noet».
Åsa Nilsonne framhevar fire grunnleggande prosessar for medvite nærvære: (a) observera – vera merksam på hendingar, kjensler og tankar, (b) skildra – setta ord på for ein sjølv det ein har merksemda retta mot, (c) ikkje dømma – unngå verdivurderingar, og (d) delta – vera ein smidig og spontan deltakar i det som skjer her og no. Jon Kabat-Zinn skildrar mindfulness (norsk «medvite nærvære») som å vera i kontakt med den ein er her og no, og slik tillata ein sjølv å «vakna opp» frå ein slags sovande tilstand der ein handlar, tenker og føler på autopilot, styrt av automatiske og umedvitne indre prosessar.
Medvite nærvære er eit nøkkelomgrep innanfor buddhistisk meditasjon, og er på tradisjonelt vis ein austleg meditasjonsteknikk og filosofi. På grunn av legen Jon Kabat-Zinn sine leksjonar har det vidare blitt populært, ikkje berre innanfor sjølvhjelpsverda, men innan moderne psykologi og terapi. Brukt innanfor moderne psykoterapeutisk behandling har ein vidareført det psykologiske og fenomenologiske innhaldet i omgrepet og den praktiske teknikken, utan å nødvendigvis trekka inn det buddhistiske verdssynet eller dei religiøse føresetnadene som buddhistar knyter til mindfulness-omgrepet.
Kjelder
Litteraturliste Ole Jacob Madsen «Det er innover vi må gå» En kulturpsykologisk studie av selvhjelp 2014 ISBN 9788215021829 Kabat-Zinn, J. (1994). Wherever you go, there you are: Mindfulness meditation for everyday life. London: Piatkus. Nilsonne, Å. (2005). Hvem bestemmer i ditt liv? Om oppmerksomt nærvær. Oslo: Gyldendal akademisk. Egeland, Rebekka Th.: Lev livet nå : mindfulness i hverdagen. Oslo Pantagruel cop. 2009, 228 s. ISBN 978-82-7900-352-6 Jakobsen, J. og Solhaug, I. (2009) Kunsten at tie - Kierkegaard, mindfulness og selvudviklingskulturenSemikolon. Tidsskrift For Idehistorie, Semiotik og Filosofi: årg. 9, nr. 17, 2009 Innsikt for bedre utsyn, Morgenbladet 24.5 2013 Mindfulness - Hva er meditasjon?, Onlinepsykologene 30.04.2022
Denne artikkelen bygger på «Oppmerksomt nærvær» frå , den 18. november 2022.
Kategori:Buddhisme Kategori:Psykoterapi