Aina Borch () har vore ordførar i Porsanger kommune i Finnmark sidan 2015. Ho vaks opp i Havøysund, men etter fullført lærarutdanning på Alta lærarskule i 1994, fór ho til Lakselv som lærar ved Lakselv barneskule.
Aina var lærar fram til år 2000, etter dette byrja ho som prosjektleiar for Ung Info og kulturkonsulent i kommunen. I 2004 vart ho dagleg leiar for Porsanger i vekst. Frå 2007 var ho fylkessekretær for Finnmark Arbeidarparti i eitt år. Deretter var ho rådmann i Måsøy kommune frå 2009 til våren 2012. Då kom ho tilbake til Lakselv som helse-og omsorgssjef og fungerande rådmann i Porsanger. Etter dette vikariatet vart ho på nytt fylkessekretær for Arbeidarpartiet eit år før ho fekk eit halvt års engasjement som dagleg leiar i Indre Finnmark Utviklingsselskap.
I 2005 etablerte Aina Borch sitt eige selskap Inspiranor. Dette dreiv ho i ti år til ho vart vald til ordførar i 2015
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aina Borch» frå , den 11. november 2022. oppgav denne kjelda: Aina Borchs profil på linkedin.com
Kategori:Folk frå Måsøy Kategori:Ap-politikarar i Finnmark Kategori:Samiske politikarar Kategori:Ordførarar i Porsanger Kategori:Fødde i 1970