Nafta er ei gruppe av flytande hydrokarbon som opptrer som mellomprodukt ved raffinering med kokepunkt frå 70 til 140 ℃, som kan koma frå råolje eller frå kol og andre kjelder.
Nafta blir brukt som halvfabrikat for å produsera ein høgoktan bensinkomponent ved bruk av den katalytiske reformingsprosessen. Nafta blir òg brukt i petrokjemisk industri for å produsera olefin i krakkerar og i kjemisk industri for løysemiddel, til reingjeringsføremål.
Nafta blir også brukt som nemning på eit anna stoff, dietyleter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nafta» frå , den 8. november 2022.
Kategori:Petroleum