mini|Olav den heilage fell i slaget på Stiklestad. Illustrasjon frå 1100-talet. Olav er eit personnamn, eit mannsnamn. Den norrøne namneforma var Ólafr eller Óláfr, av urnordisk *anu-laiƀaR, samansett av anu- ‘ane, forfader’ og -laiƀaR , 'etterkomar, arving' (Stemshaug 1982). Andre former av namnet er Olaf, Olof, Oluf, Olaus. Namnet til Olav den heilage, har òg fleire norske kongar hatt som namn. Namneformene er relativt standardisert etter språk. På norsk vert Olav og Ola nytta. Svensk nyttar oftast Olaf eller Olof.
På latin vert Olav/Olaf vanlegvis til Olaus (med eller utan tødlar over «u»). Døme på dette er Olaf Petersson (ein tilhengjar av Martin Luther), som på latin er kjend som Olaus Petri. Olaus Petri var ein av dei fremste preikarane i Sverige i tida kring reformasjonen.
Namneberarar mini|Teikning av kronprins, seinare Olav V av Noreg, som skifta namn frå Alexander til Olav då far hans blei konge av Noreg. Kongelege Kongar av Noreg Olav I Trygvason eller Tryggvason, konge 969–1000 Olav II Haraldsson den heilage, konge 1015–1028 Olav III, Haraldsson Kyrre, konge 1067–1093 Olav Magnusson, 1103–1110 Olav IV Håkonsson, konge 1370–1387 Olav V, konge 1957–1991
Kongar av Sverige Olof Skötkonung (980–1022), svensk konge frå 995
Andre mini|Bil av nynorskdiktaren Olav H. Hauge.
Olaf Rye (1791-1849), dansk-norsk krigshelt Olav Duun (1876–1939), norsk forfattar Olav Aukrust (1883-1929), norsk lyrikar Olaf Bull (1883–1933), norsk forfattar Olav Nygard (1884-1924), norsk lyrikar Olav Gullvåg (1885-1961), norsk forfattar Olav Dalgard (1898-1989), norsk forfattar Olav Kaste (1902-1991), norsk forfattar Olav H. Hauge (1908–1994), norsk forfattar Olof Lagercrantz (1911–2002), svensk forfattar Olof Palme (1927–1986), svensk politikar Olav Hestenes (1930–1996), norsk jurist Olav Vesaas (f. 1935), norsk forfattar Olav Veka (f. 1942), norsk namnegranskar Olav Bratland (f. 1944), norsk politikar (H) Olav Stedje (f. 1953), norsk musikar Olav Gunnar Ballo (f. 1956), norsk politikar (SV) Olav Akselsen (f. 1965), norsk politikar (Ap) Olaf Henning Thommessen (f. 1966), norsk politikar Olav Luksengård Mjelva (f. 1983), norsk folkemusikar
Litteratur Stemshaug, Ola (red.) 1982: Norsk personnamnleksikon. Oslo: Det Norske Samlaget.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Mannsnamn Kategori:Norrøne førenamn