Germaine de Staël, fullt namn Anne Louise Germaine de Staël-Holstein, () var ein fransk forfattar av sveitsisk opphav. Ho levde og virka under den franske revolusjonen og styret til Napoléon Bonaparte. Ho var ein av dei fremste motstandarane til Napoleon. Ho var kjend for den elegante konversasjonskunsten sin, og deltok både i det kulturelle og det politiske livet. Verka hennar, både essay og skjønnlitteratur, hadde innverknad på historia til den europeiske romantikken.

Ho var dotter av den sveitsiske bankieren og finansministeren i Frankrike, Jacques Necker. Frå 1786 var ho gift med den svenske ambassadøren Erik Magnus Staël von Holstein (død 1802). Ho hadde ein populær litterær salong med fleire framståande gjester, og ho blei difor ofte kalla Reine de Paris («dronninga av Paris»). Som far sin var ho tilhengar av dei progressive ideala til revolusjonen. Dette kom særleg til uttrykk i verka hennar; i Delphine, der ho fordekt gjekk til angrep på den kyrkjelege vigselen og ideen om det uoppløyselege ekteskapet, og i den erotiske romanen Corinne.

Liv og virke

Tidlege år venstre|mini|Jacques Necker, far til Germaine de Staël. venstre|mini|Suzanne Curchod, mor til de Staël. De Staël var fødd som Anne Louise Germaine Necker i Paris. Faren hennar var den framståande sveitsiske bankmannen og statsmannen Jacques Necker, som var finansminister i Frankrike under kong Ludvig XVI. Mor hennar var Suzanne Curchod, vertinne for ein av dei mest populære salongane i Paris som blei hyppig vitja av personlegdommar som Buffon, Marmontel, Melchior Grimm, Edward Gibbon, Abbé Raynal og Jean-François de la Harpe.d'Haussonville, Paul-Gabriel (1882): Le Salon de Madame Necker, Paris, Calmann-Lévy, Madame Necker ønskte å oppdra dottera si etter prinsippa til Rousseau, og sørgde for å gje henne ei intellektuell utdanning og kalvinistisk disiplin ved hjelp av sin eigen protestantiske prest. Ho lét òg dottera sitja ved føtene sine i salongen der dei intellektuelle fann glede i å stimulera det oppvakte barnet. Det gjorde henne bråmoden og gav henne tidleg eit litterært ordforråd.

Dei neste få åra etter at Jacques Necker var blitt avsett frå stillinga si, budde dei frå 1784 ved Château Coppet i Coppet, godset og eigedommen hans ved Genfersjøen som de Staël seinare gjorde kjend i skriftene sine.Le château de Coppet: une brève histoire du château Dei vende tilbake til Paris i 1785 og unge Necker skreiv ei rekke ulike verk, inkludert eit romantisk drama i tre akter, Sophie (1786), og ein tragedie i fem akter, Jeanne Grey (1787). Begge skodespela blei gjevne ut i 1790.

Ekteskap mini|Erik Magnus Staël von Holstein, måla av Adolf Ulrik Wertmüller ca. 1782 Snart blei foreldra hennar utolmodige over at ho var ugift. Det er sagt at dei nekta henne å gifta seg med ein katolikk, noko som i Frankrike i stor grad avgrensa dei moglege vala hennar. Det gjekk eit rykte at William Pitt den yngre tenkte på henne. Den noko notoriske elskaren til salongvertinna Julie de Lespinasse, Jacques Guibert, skal òg ha gjort kur.

Til sist gifta ho seg med baron Erik Magnus Staël von Holstein, som fyrst var attaché hjå det svenske sendebodet til Frankrike, og sidan sjølv svensk minister. For ein arving til ein stor formue og ei særs ambisiøs ung kvinne, synest ikkje dette giftarmålet å ha vore svært eigna, men det kombinerte Germaine de Staël sin formue med ektemannen sin posisjon. Ei rekke forhandlingar sikra han eit løfte frå den svenske kongen om å bli ambassadør i 12 år og ein pensjon i tilfelle posisjonen blei trekt tilbake. Den 14. januar 1786 blei paret vigd i kapellet ved den svenske ambassaden.

Ved giftarmålen var mannen 37 år, medan kona berre var 20 år. Det heile var meir ein juridiske formalitet, og heile ekteskapet verker å ha vore akseptabelt for begge, då ingen av dei hadde større kjensler for den andre. Den kjølige baronen fekk tilgang til ein formue og den unge kona blei ambassadefrue frå ei betydeleg utanlandsk statsmakt, noko som gav henne ein langt høgare posisjon ved det franske hoffet og i samfunnet elles enn ho ville ha fått i ekteskap med ein kva som helst franskmann.

Revolusjonære aktivitetar venstre|mini|Corinne, ei framstilling av hovudfiguren i Madame de Staël sin roman av same namn. Byste av Edmé Gois, 1836 (Louvre). I 1788, året før den franske revolusjonen, stod de Staël fram som forfattar under sitt eige namn med det tynne verket Lettres sur les ouvrages et le caractère de J.-J. Rousseau, ei brevsamling på rundt 140 sider.Grimm Friedrich Melchior; Diderot, Denis: Historical & literary memoirs and anecdotes, H. Colburn, s. 353 Denne brennande, panegyriske samlinga viste eit openbert talent, men lite kritisk dømmekraft. Ho var på denne tida entusiastisk for ei blanding av Rousseau og politisk konstitusjonalisme. Dei seinare romanane hennar blei bestseljarar, og den litterære kritikken hennar fekk stor innverknad.

Far hennar, Necker, fekk eit lettre de cachet frå kongen som kravde at han måtte forlata Paris straks. Kongen mislikte Necker, og dronninga hata han. Folket var ei anna oppfatning, og kravde å få han tilbake. Han blei tilbakekalla 48 timar etter at han hadde forlate Paris. På dei 48 timane hadde Bastillen falle, blod var blitt spelt og adelen hadde flykta i alle retningar ut av landet.Jenkins, Helen P. (1835): «Madame De Stael», A Celebration of Women Writers. Madame de Staël håpte på eit kompromiss, at Frankrike ville utvikla seg til eit konstitusjonelt monarki av engelsk type. Den nye revolusjonære konstitusjonen blei skriven i huset hennar.Pens, pilgrims, progress: seven women

Ho triumferte i møta med Stenderforsamlinga i 1789 den 4. og 5. mai.Germaine de Staël, Considerations on the Principal Events of the French Revolution (LF ed.) (2008) Salongen hennar vart møte for dei «konstitusjonelle», som dei blei kalla, blant dei La Fayette, grev Louis de Narbonne-Lara og Mathieu de Montmorency. Slike håp blei feia bort etterkvart som revolusjonen heldt fram. Terroren rådde i Paris. Dei som viste sympati med kongen eller monarkiet blei gripne og fengsla. Baron de Staël blei kalla tilbake til Sverige. Necker blei igjen avsett, og søkte tilflukt i Coppet. Han oppfordra dottera si om å følgja han, men ho valde Paris.Jenkins, Helen P. (1835): «Madame De Stael», A Celebration of Women Writers.

Det fyrste barnet hennar, ein gut, blei fødd i 1790, veka før Necker til sist forlét Frankrike. Privilegia hennar som ambassadefrue gav henne det nødvendige vernet under den aukande uroa under revolusjonen. Ho besøkte Coppet ein eller to gonger, men blei for det meste verande i Paris i dei tidlegaste dagane av revolusjonen. Madame de Staël deltok i forsamlinga og heldt salong i Rue du Bac der Talleyrand, Abbé Delille, Clermont-Tonnerre, og Gouverneur Morris var blant dei som møttest.

Til sist, dagen før septembermorda i september 1792, flykta ho i lag med vennene Manuel og Tallien. Hennar eiga forklaring av flukta er som vanleg for henne så blomstrande at det etterlèt spørsmålet om ho faktisk var i fare. Direkte verker det ikkje som om ho var det, men ho hadde strekt privilegia til ambassaden til å verna truga venner, og dette var ei alvorleg sak.Pens, pilgrims, progress: seven women Forsøket hennar på å hjelpa gamle Montesquiou hadde nær ført til at ho blei drepen. Ho blei gripen og ført til Hotel de Ville for å møta Robespierre. Ho protesterte og viste til privilegia sine som ambassadefrue, og i siste liten blei det vedtatt at Tallien skulle føra henne til grensa. Ho drog til Coppet i Sveits, som var eit asyl for mange som var trua av revolusjonen. Ho kom ikkje tilbake til Paris på tre år.Jenkins, Helen P. (1835): «Madame De Stael», A Celebration of Women Writers. I desse åra vitja ho i 1793 England for fyrste gong, og besøkte då den franske kolonien av flyktningar ved Michleham i Surrey.«Mickleham», Exploring Surrey's PastGoodden, Angelica (2008): Madame de Staël: The Dangerous Exile, Oxford University Press

Salong i Coppet og Paris mini|Château de Coppet mini|Benjamin Constant Ved faren sitt gods i Sveits, Château de Coppet, samla ho ein ny salong av venner og flyktningar. Det fann stad ein liten skandale knytt til forholdet hennar til Louis de Narbonne, ein av fleire elskarar ho heldt seg med.Pens, pilgrims, progress: seven women

Ved Coppet skreiv de Staël ein pamflett om avrettinga av dronning Marie Antoinette. Året etter døydde mor hennar ved Château de Beaulieu i Lausanne. Då Robespierre blei styrta opna det vegen tilbake til Paris for henne. Ektemannen hennar hadde opphalde seg i Nederlanda, og blei akkreditert av den franske republikken. De Staël gjenopna salongen sin og gav ut fleire mindre verk, blant dei essaya Sur l'influence des passions ('Om innverknaden til pasjonane', 1796) og Sur la litérature considérée dans ses rapports avec les institutions sociales (1800).

Det var i løpet av desse åra at Madame de Staël oppnådde den største politiske innverknaden sin i Frankrike. Elskaren Narbonne var blitt erstatta av Benjamin Constant, som ho hadde møtt første gang hjå Belle van Zuylen i 1794. Han fekk ein stor innverknad på henne, slik ho fekk på han. Både personlege og politiske grunnar førte henne i opposisjon mot Napoléon. Ho hadde følgt karrieren hans, og håpa som mange franskmenn at den suksessrike hærføraren frå Korsika skulle gje ro og stabilitet til Frankrike. Då han utropte seg sjølv til fyrstekonsul kjente ho igjen ein tyrann.Jenkins, Helen P. (1835): «Madame De Stael», A Celebration of Women Writers. Hennar eigen preferanse var ein moderat republikk eller eit konstitusjonelt monarki.

I salongen sin heldt ho seg ikkje frå å kritisera politikken til Napoléon. Fiendskapen mellom Madame de Staël og Napoléon blei allment kjend. Ho kunne flytta mellom Paris og Coppet utan problem, men ho visste at Napoléon mislikte henne. I 1797 blei ho formelt separert frå den svenske ektemannen sin. I 1799 blei han tilbakekalla av den svenske kongen, og i 1802 døydde han med henne til stades. I tillegg til ei dotter (Gustavine, 1787–1789), som døydde i barndommen, og den eldste sonen Auguste Louis (1790–1827), fekk dei endå to barn – ein son Albert (1792–1813), og ei dotter Albertine (1797–1838), som seinare gifta seg med Victor de Broglie, eit medlem av Académie française og den niande franske statsministeren. Farsskapet til desse barna er ikkje sikkert.Goodden, Angelica (2008): Madame de Staël: the dangerous exile. Oxford University Press, s. 31.

Konfliktane med Napoléon mini|Portrett av Napoléon Kva tid tvikampen hennar med Napoléon byrja er ikkje lett å avgjera. Å dømma frå tittelen på boka hennar Dix annees d'exil («Ti år i eksil») skal han ha byrja i 1804, men fiendskapen byrja truleg mykje tidlegare. Ifølgje sjølvbiografien til Madame de Remusat skal Napoléon ha sagt om henne at ho «lærer folk å tenka som aldri har tenkt før, eller som har gløymt korleis dei kan tenka.»Memoirs of Madame de Rémusat: 1802-1808, oversatt til engelsk av Cashel Hoey & John Lillie, s. 407

Napoléon mislikte at ho stod imot innverknaden hans, og det gledde henne truleg at han prøvde å fremma makta si mot henne utan å lykkast. Begge hadde personlegdommar med eit merkeleg preg av det teatralske. Om ho verkeleg ønskte å ta motstanden sin mot Napoléon alvorleg, hadde det vore lettare for henne å etablera seg i England ved Fredstraktaten i Amiens, men ho heldt seg i Coppet. Der blei ho skygga av Napoléon sine spionar sidan ho motsette seg ordrane hans, først at ho heldt seg unna Paris, og seinare Frankrike, noko som betydde at ho blei åleine i landbruksområdet i Sveits framfor det urbane Paris.