Hagos Gebrhiwet () er ein etiopisk langdistanseløpar. Han vann VM- sølv 2013, VM-bronse 2015 og OL-bronse 2016 på 5 000 meter. Gebrhiwet sin personbeste på 5 000 meter er 12.45,8, oppnådd i Brussel i 2018, på 10 000 meter har han prestert 26.48,9 (2019).

Aktiv Gebrhiwet stega inn i verdseliten då han vart klokka inn på 12.47,5 i Paris i juli 2012. Året etter var det berre det britiske spurt-fenomenet Mo Farah som heldt unna for Gebrhiwet i VM-finalen på 5 000 meter i Moskva. Sidan vart Gebrhiwet bronsevinnar på same distansen både i VM 2015 og OL 2016, også desse tevlingane vann nemnte Farah.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Nr 11 på 5 000 m – 13.49,5 VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje på 5 000 m – 13.27,8, bakom Mo Farah (13.26,9) VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje på 5 000 m – 13.04,3 OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje på 5 000 m – 13.51,8 VM 2019 i Doha: Nr 9 på 10 000 m – 27.11,3 VM 2023 i Budapest: Nr 6 på 5 000 m – 13.12,6 OL 2024 i Paris: Nr 5 på 5 000 m – 13.15,3

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hagos Gebrhiwet» frå , den 29. juni 2022.

World Athletics

Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Etiopia Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024