Danny McFarlane () er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar som spesialiserte seg på 400 meter og etterkvart 400 meter hekk. Han vann sølvmedaljen på langhekken under Sommar-OL 2004, perioden 1995-2003 var han med om å sikre Jamaica fem VM-sølv og eitt OL-sølv i 4 x 400 meter stafett.
Aktiv McFarlane vann sølv med Jamaica sitt lag i 4 x 400 meter stafett under i VM i friidrett 1995 i Göteborg. Dei neste åtte åra var han med på ein unik prestasjonsrekke, ettersom han og Jamaica skulle ende opp på sølvplass i den lange stafetten i så vel VM 1997, VM 1999, OL 2000, VM 2001 og VM 2003. Det høyrer med til soga at heile tre av desse sølvmedaljane opphavleg var i bronse, der vinnaren i tre av tevlingane i ettertid fekk annullert sine plasseringar.
Under Sydney-leikane i 2000 sprang McFarlane inn til åttandeplass i finalen på 400 meter, den einaste gongen han tok seg til OL- eller VM-finale på distansen. Sidan gjekk han over til å spesialisere seg i 400 meter hekk, såleis var han åra 2003-09 ein av verdas fremste i øvinga. Etter å ha vorte fjerdemann i Paris-VM 2003 på langhekken, lukkast McFarlane under dei olympiske sommarleikane 2004 vinne si einaste individuelle meisterskapsmedalje då han vart nummer to på 400 meter hekk bakom Félix Sánchez. Seinare vart han høvesvis nummer 5,4 og 6 på langhekken i Osaka-VM 2007, Beijing-OL 2008 og Berlin-VM 2009.
McFarlane sine personlege rekordar var 44,90 sekund på 400 meter og 48,00 på 400 m hekk.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Nr 7 i 4 x 400 m stafett VM 1995 i Göteborg: Sølv i 4 x 400 m stafett. Utslått i semifinalen på 400 m (45,98=nr 13) VM 1997 i Aten: Sølv i 4 x 400 m stafett VM 1999 i Sevilla: Sølv i 4 x 400 m stafett. Utslått i semifinalen på 400 m (45,86=nr 15) OL 2000 i Sydney: Sølv i 4 x 400 m stafett. Nr 8 på 400 m – 45,55 VM 2001 i Edmonton: Sølv i 4 x 400 m stafett VM 2003 i Paris: Sølv i stafett. Nr 4 på hekken – 48,30 OL 2004 i Aten: Sølvmedalje i 400 m hekk – 48,11, bakom Félix Sánchez (47,59) VM 2005 i Helsinki: Utslått i semifinalen på 400 m hekk (49,41=nr 14) VM 2007 i Osaka: Nr 5 i 400 m hekk – 48,59 OL 2008 i Beijing: Nr 4 i 400 m hekk – 48,30 VM 2009 i Berlin: Nr 6 i 400 m hekk – 48,65
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Danny McFarlane» frå , den 26. juni 2022.
World Athletics
Kategori:Jamaicanske sprintarar Kategori:Jamaicanske hekkeløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Jamaica Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008