One Way Ticket to Hell... and Back er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet The Darkness. Det kom ut 28. november 2005 på Atlantic Records, og nådde 11. plassen på UK Album Chart. Det selde til platinaplate i Storbritannia. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, og den første av desse, «One Way Ticket», nådde åttandeplassen på UK Singles Chart, og det same gjorde den andre singelen «Is It Just Me?».

Bakgrunn

Albumet vart produsert av Roy Thomas Baker, mest kjend for arbeidet sitt med Queen, ei stor inspirasjonskjelde for The Darkness. Bassisten Frankie Poullain slutta i bandet tidleg under produksjonen av albumet, og det meste av bassen på albumet er spelt av Dan Hawkins. Poullain har sagt at «Hazel Eyes» er favorittsporet hans på plata og sa «Eg utfordrar ein kvar etter eit par drinkar til å høyra på «Hazel Eyes» stå opp og IKKJE få Michael Flatley-ar.» Poullain var allereie kjent med seks av dei ti songane på albumet, og spelte «Hazel Eyes» , «Dinner Lady Arms», «Seemed Like a Good Idea at the Time» og «English Country Garden» på turné med bandet før han drog. Han skreiv òg fire av spora på albumet. Arbeidstittelen for albumet var The Painstaking.

Mottaking Albumet fekk blanda mottaking. Magasinet Q meinte det var det 22. beste albumet i 2005. Men Planet Sound skreiv at det var «den dyraste penisvitsen i verda», med tanke på den dyre forseinkinga av albumet og det hypermaskuline temaet som går gjennom det heile. I eit intervju med The Sun, sa Dan Hawkins at det kosta éin million britiske punkd å lage.

Innhald

Andre spor «Wanker» (B-side til One Way Ticket) (J. Hawkins/D. Hawkins) – 3:07 «Grief Hammer» (B-side til One Way Ticket) (J. Hawkins/D. Hawkins) – 3:12 «Shake (Like a Lettuce Leaf)» (B-side til Is It Just Me?) (J. Hawkins/D. Hawkins) – 3:18 «Shit Ghost» (B-side til Is It Just Me?) (J. Hawkins/D. Hawkins) – 3:10

Medverkande Justin Hawkins – solo- og korvokal; solo- og rytmegitar; piano; Hammondorgel; Mini-moog; synth; sitar Dan Hawkins – rytme- og sologitar; bassgitar; røyrbjøller; marsjtrommer; tamburin; trinalge; korvokal Ed Graham – trommer Richie Edwards – bassgitarar; korvokal (turnémedlem)

Andre medverkande Freddy Gomez – panfløyte på «One Way Ticket» Stuart Cassells – sekkepipe på «Hazel Eyes»

Salslister + Salslister for One Way Ticket to Hell... and Back Liste (2005–2006) Plassering Finnish Albums (Suomen virallinen lista) 31

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «One Way Ticket to Hell... and Back» frå , den 11. mai 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Darkness-album Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av Roy Thomas Baker