Flipped Out in Singapore er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet Chainsaw Kittens, gjeve ut i 1992.
Innspeling Flipped Out in Singapore vart produsert av Butch Vig i Smart Studios i Madison i Wisconsin i 1992. Tyson Meade sa: «Me skulle til å byrje på den andre plata vår...og selskapet vårt ønskte at Butch Vig skulle produsere det. Me visste ikkje kven han var fordi han ikkje hadde gjort Nirvana-plata enno. Han heldt på med Gish på den tida, og han fekk den første plata vår, Violent Religion, i posten, og eg reknar med han spelte henne for Billy Corgan, og Billy elska det og sa til han 'Å Butch, du må gjere dette bandet!'»
Videoar Det vart laga musikkvideoar til dei to første songane på albumet, «Connie, I've Found the Door» og «High in High School», regisserte av høvesvis Phil Harder og Spike Jonze.
Innhald
Medverkande Tyson Todd Meade – vokal Mark Metzger – gitar Trent Bell – gitar Clint McBay – bass Aaron Preston – trommer Asa Miura - korvokal på «Flipped Out in Singapore»
Teknisk Produsert av Butch Vig Leiande produsentar: Jay Faires og Steve Balcom Innspelt i Smart Studios, Madison, WI Lydteknikarar: Butch Vig og Doug Colson Mastering hos Masterdisk av Howie Weinberg
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Flipped Out in Singapore» frå , den 7. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Video: Connie I've Found the Door 1992 Video: High in High School 1993
Kategori:Musikkalbum frå 1992 Kategori:Chainsaw Kittens-album Kategori:Mammoth Records-album Kategori:Album produserte av Butch Vig