Rhingullet (tysk Das Rheingold), WWV 86A, er ein opera med tekst og musikk av Richard Wagner, og inngår som det første av fire musikkdrama som utgjer Wagner sin operasyklus Der Ring des Nibelungen. Han vart framført som ein enkelt opera ved Nationaltheater München 22. september 1869 og hadde den første framsyninga si som ein del av Ring-syklusen i Bayreuth den 13. august 1876.
Som "innleiande aftan" (Vorabend) til syklusen, gir Rhingullet bakgrunnshistoria for hendingane som driv hovuddramaa til syklusen.
Operaen fortel om Alberichs tjuveri av rhingullet etter at han forbante kjærleiken; skapinga hans av den allmektige ringen frå gullet og herredømmet hans over nibelungane; Wotans beslag av gullet og ringen for å betala gjelda si til kjempene som har bygd festninga hans Valhall; Alberich si forbanning over ringen og eigarane dens; Erda si åtvaring til Wotan om å gi opp ringen; den tidlege manifestasjonen av makta til forbanninga etter at Wotan gir ringen til jotnane; og inntoget av gudane i Valhall, i skuggen av den foreståande undergangen deira.
I Rhingullet nyttar Wagner eit kompleks system av leiemotiv, musikalske frasar knytt til personar, idear eller gjenstandar. Leiemotiv-systemet blir vidareført og utvikla i dei tre hovuddelane i Ring-syklusen; Valkyrien, Siegfried og Ragnarok (Götterdämmerung).
Roller RolleSkildringStemmeleiePremierebesetninga i München Dirigent: Franz WüllnerPremierebesetninga ved den første Bayreuth-festivalen Dirigent: Hans RichterGudarWotanGuden for krig og kontraktar, herskaren til gudanebass-barytonAugust KindermannFranz BetzLogeHalvgud for elden, den manipulerande tenaren til WotantenorHeinrich VoglHeinrich VoglFrickaEkteskapsgudinna, ektefellen til WotanmezzosopranSophie StehleFriederike GrünFreiaGudinne for kjærleik og venleik, vaktar for dei gylne epla, søstera til FrickasopranHenriette Müller-MarionMarie HauptFrohGuden for våren og sola; den milde broren til FreiatenorFranz NachbaurGeorg UngerDonnerGuden for torevêr; Freias stridslystne brorbarytonKarl Samuel HeinrichEugen GuraErdaGudinna for jorda og visdommenaltEmma SeehoferLuise JaideNibelungerAlberichMaktsjuk dverg, herskar over nibelunganebarytonKarl FischerKarl HillMimeBror til Alberich, ein feig, men dyktig metallsmedtenorMax SchlosserMax SchlosserJotnarFasoltKjempe, forelska i FreiabassToni PetzerAlbert EilersFafnerKjempe, den omsynslause broren til FasoltbassKaspar BauseweinFranz von ReichenbergRhindøtrerWoglindeElvenymfesopranAnna KaufmannLilli LehmannWellgundeElvenymfesopran eller mezzosopranTherese VoglMarie LehmannFloßhildeElvenymfemezzosopranWilhelmine RitterMinna Lammert
Kjente utdrag
Forspelet Forvandlingsscene, scene 1-2 Loges forteljing («Immer ist Undank Loges Lohn!»), scene 2 Nedstiginga til Nibelheim, scene 3 Alberichs forbanning («Bin ich nun frei?»), scene 4 Erdas åtvaring («Weiche, Wotan, weiche»), scene 4 Donner kallar på torevêret («He da! He da! He do! Zu mir, du Gedüft!»), scene 4 Wotan si hylling til gudeborgen («Abendlich strahlt die Sonne Auge»), scene 4 Gudane sitt inntog i Valhall, scene 4
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rhingullet» frå , den 2. mai 2022.
Litteratur
Dieter Borchmeyer (1982) Das Theater Richard Wagners. Idee ─ Dichtung ─ Wirkung, Stuttgart (Reclam); Engelsk oversettelse: Drama and the World of Richard Wagner, Princeton (Princeton University Press) 2003, ISBN 978-0-691-11497-2. Deryck Cooke (1979) I Saw The World End. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-315318-9. Robert Donington (1963). Wagner's 'Ring' and its Symbols. London: Faber and Faber. J.K. Holman (2001). Wagner's Ring: A Listener's Companion & Concordance. Portland, OR: Amadeus Press. ISBN 978-1-57467-070-7 Barry Millington (1992). "The Music: Operas". In Barry Millington (ed.). The Wagner Compendium. London: Thames and Hudson. ISBN 978-0-50028-274-8. Roger Scruton (2016). The Ring of Truth: The Wisdom of Wagner's Ring of the Nibelung. London: Penguin Books. ISBN 978-0-141-98072-0.
Bakgrunnsstoff
Partituret til Rhingullet (tysk og engelsk)
Kategori:Operaer frå 1800-talet Kategori:Tyskspråklege operaer Kategori:Operaer av Richard Wagner Kategori:Skipingar i 1869