Hello Young Lovers er det 20. studioalbumet til Sparks. Det var eit framhald av den repetitive orkesterstilen deira frå det forrige albumet Lil' Beethoven, men med mykje meir vekt på gitar og trommer. Det er eit konseptalbum som omhandlar sider ved moderne kjærleik.
Utgjeving Hello Young Lovers selte betre enn noko anna Sparks-album sidan 1970-åra og det nådde 66. plassen på UK Album Chart. Albumet gjekk ikkje inn på albumlista i USA. Albumet kom ut på CD og på både kvit og rosa vinyl. CD-plata kom opphavleg ut på Gut Records, og sidan på In The Red records.
Det vart gjeve ut to singlar og ein EP for å marknadsføre albumet. Den første, «Perfume», kom i lag med ein alternativ versjon av «(Baby, Baby) Can I Invade Your Country» og ein remiks av Clor. Denne nådde 80. plassen på UK Singles Chart og 10. plassen på UK Independent Singles Chart.
«Dick Around» kom ut som ein EP i USA og som ein dobbel A-side-singel med «Waterproof» i Storbritannia. Begge versjonane inneheldt ein redigert versjon av «Dick Around» og den amerikanske versjonen inneheldt konsertopptak spelte inn tidlegare det året i Los Angeles. Den britiske utgåva av albumet vart bannlyst av BBC, som rekna tittelen på songen som obskøn. Sparks gav ut ei melding som sa: «BBC har offisielt teke livet av den nye singelen vår, 'Dick Around', tilsynelatande gjennom ganske barnslege innvendingar mot tittelen, ein uskuldig referanse til eit dagdrivar-liv. At eit musikkstykke kan fordømmast utelukkande etter tittelen utan at 'avgjerdstakarane' i det heile er anstendige nok til å opna CD-etuiet, er ein farse og ei fornærming mot både oss som skaparar av musikken og mot lyttarane til BBC.» Til slutt gav BBC London ut ei melding som sa at songen var teken inn i rotasjonen att. Singelen nådde 139. plassen i Storbritannia.
Innhald
Medverkande Ron Mael - klaverinstrument, orkestrering og produsent Russell Mael - vokal, lydteknikar og produsent John Thomas - miksing og ekstra lydteknikar Tammy Glover - trommer Dean Menta - gitar Jim Wilson - ekstra gitar Steven Shane McDonald- ekstra bass
Salslister Album LandPlasseringSverigetopplistan Charts cover period from 1975 - 2005 48U.K. Albums Chart 66
Perfume (singel) Liste (2006) Plassering U.K. Singles Chart 80 U.K. Indie Singles Chart 10
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hello Young Lovers (Sparks album)» frå , den 30. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Sparks - Hello Young Lovers
Kategori:Musikkalbum frå 2006 Kategori:Sparks-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Album spelte inn i heimestudio